NRK Meny
Normal

Jublar for at Lærdalselvi er friskmeld

LÆRDAL (NRK): Lærdalselvi er offisielt fri for Gyrodactylus salaris. Dette er første gong ei elv er friskmeld etter å ha blitt behandla med aluminiumsmetoden i kombinasjon med små mengder rotenon.

Lasse Sælthun, Vidar Helgesen og Anne Karin Hamre

ENDELEG FRISKMELD: Lasse Sælthun i elveeigarlaget, klima- og miljøminister Vidar Helgesen og fylkesmann Anne Karin Hamre er glade for at Lærdalselvi er frisk att.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ja, dette var julaftan som kom to månader for tidleg. Det har vore ein fantastisk dag. No er elva endeleg friskmeld, seier Lasse Sælthun som er leiar i elveeigarlaget.

Lakseparasitten vart oppdaga i elva i 1996 og elva vart behandla med aluminium i 2011 og 2012. Siste prøveuttak av fisken er gjort og stadfestar at gyroen er utrydda frå vassdraget og laksestamma er kvitt smitta.

– Friskmeldinga viser at strategien med å nytte aluminiumsmetoden i kampen mot parasitten har vore ein suksess. Vi tek livet av parasitten, medan fisken overlever. Dette lover veldig bra for den vidare kampen mot parasitten, seier direktør Ellen Hambro for Miljødirektoratet.

Letta minister

Lærdalselvi

FRISK ELV: Lakseparasitten vart oppdaga i elva i 1996 og elva vart behandla med aluminium i 2011 og 2012.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

For klima- og miljøminister Vidar Helgesen er det ein god dag på jobb når han kan vere med på å markere at Lærdalselvi er frisk.

– Ja, det er bra å kunne friskmelde elva etter 21 år med sjukdom.

Det er brukt 140 millionar kroner totalt på å utvikle metoden med aluminium, der 60 millionar er brukt i Lærdalselvi i 2011 og 2012. Helgesen håper at denne metoden vil vere hjelp i arbeidet med å friskmelde andre vassdrag.

– Behandlinga har i alle fall vore god her, ikkje minst fordi den ikkje tek livet av så mykje anna enn gyroen.

– Kor sikre er de på at Lærdalselvi er fri for smitte?

– Elva har blitt testa av Veterinærinstituttet kvar haust i mange år. Vi har håpa kvart år at det skulle vere ei endeleg friskmelding. No er vi der, men det er viktig å kontinuerleg overvaking for å sikre at gyro ikkje kjem tilbake.

Skal halde fram med streng kontroll

Friskmelder Lærdalselvi for Gyrodactylus salaris

STOR DAG: Lasse Sælthun i elveeigarlaget seier det skal feirast i dag. Mange hadde møtte fram for å høyre at elva er friskmeld.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er forbode å flytte fisk mellom elver og vatn i Noreg, også mellom ulike delar av det same vassdraget. Sidan parasitten kan overleve fleire dagar i frie vassmassar, må ein dessutan vere forsiktig med å flytte vatn mellom vassdrag.

Lasse Sælthun i elveeigarlaget seier dei framover vil oppretthalde det strenge regimet dei har hatt i elva.

– Vi har hatt streng kontroll av utstyr og flytting av vatn, båtar og kanoar. Vi har fått ein tankevekkar gjennom denne lange prosessen.

– Kva har vore det verste med å ha denne parasitten hengande over seg?

– Det har vore uvissa, det at elva plutseleg kunne bli stengd for fiske og det å ikkje kunne planlegge. Det har heller ikkje vore kjekt å ha gyrostempelet på seg.

– Skal det feirast i dag?

– Ja, vi skal feire i dag saman med mange gode hjelparar, seier Sælthun.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.