Hopp til innhold

Jublar for "nytt" rådhus

Dei kommunetilsette i Selje hadde grunn til feiring torsdag. Endeleg har dei fått skikkelege arbeidstilhøve.

Opning av nytt rådhus i Selje

GLADE KOMMUNETILSETTE: Ordførar Ottar Nygård og dei tilsette i Selje kommune gler seg over nytt rådhus.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Klokka 12 vart det nye rådhuset i den tidlegare fabrikkbygningen til Selje Skjortefabrikk offisielt opna med kakefest, og vel ein time var det nyopning av Selje skule.

For folk i Selje er dette ein stor dag, seier ordførar Ottar Nygård.

– Dersom du ser på dei som skal jobbe i det nye rådhuset så ser du kor smilande og blide dei er.

Farvel til oljestank og gasslukt

– Ja, for det må vel vere fint å flytte frå det gamle og nedslitne rådhuset med oljestank og gasslukt. Dette blir vel ein heilt annan kvardag?

– Det er klart det. Vi ser med glede fram til betre tilhøve. Det var ein slitasje å vere i det gamle rådhuset. No har vi samlokalisert oss og, så no kan alt berre bli mykje, mykje betre.

– Trur du innbyggjarane vil merke det i form av betre tenester?

– Eg er overtydd over at dei som kjem på rådhuset vil møte blidare og kjekkare tilsette fordi dei har fått heilt andre tilhøve å jobbe under, så dette vil dei merke.

Tre gonger så mange fødde

Med på opninga var og syngande barnehagebarn. For eitt år sidan var NRK i Selje og laga reportasje om at det berre var fødd 10 ungar i Selje i 2010. Men i 2011 var talet kome opp i 34, meir enn ei tredobling. Og ordføraren finn grunn til å feire det og.

– Heilt klart. No har ikkje vi gjort nokon spesiell dugnadsinnsats for å få til det, men det gler oss veldig. I tillegg hadde vi ein folketalsauke på 21 personar i 2011. Vi tek små steg framover. Kjempebra! Så her i Selje er det optimisme.