Hopp til innhold

Jublande glad Heggø

-Yes, dette har vore ein utruleg fin kveld, sa Ingrid Heggø seint i natt.

Ingrid Heggø og Tor Bremer

Ingrid Heggø og Tor Bremer feirar 'To på tinget' under valvaka i Førde.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Førstekandidaten til Ap jubla over to representantar på tinget. Med seg til Oslo får ho Tor Bremer.

-Eg er så glad og letta, sa Heggø, før ho fekk ein stor klem av ein partikollega.

Ap gjorde eit brakval i Førde og fekk for første gang over 30 prosent av røystene i Førde. Totalt i Sogn og Fjordane ein ørliten framgang, likevel nok til å halde Sp bak seg i kampen om to mandat frå Sogn og Fjordane.

Ingrid Heggø har vore skulda for å vere anonym, samstundes har Tor Bremer stått over store delar av valkampen med svineinfluensa. Likevel gjorde partiet eit godt val.

Les og: Valresultat for Sogn og Fjordane