Hopp til innhold

Miljødemonstrantar jubla for utsetjing i gruvesaka

Medan fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva, fordømte utsetjingsvedtaket til Miljøverndepartementet, jubla miljødemonstrantane på andre sida av vegen.

Miljødemonstrasjon i Førde

LETTA OVER VEDTAK: Motstandarar av gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal kommune er takknemlege for at miljøvernministeren har kjøpt dei meir tid etter å ha gitt eit førebels nei til prosjektet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

For samstundes som Sogn og Fjordane Arbeidarparti held sitt årsmøte på Sunnfjord Hotell i Førde, der dei kjempar for gruvedrift i Naustdal, demonstrerte miljøaktivistar for det motsette utanfor Sogn og Fjordane kunstmuseum på andre sida av vegen.

Der samla motstandarane av gruveprosjektet i Engebøfjellet i Naustdal seg for å feire at Miljøverndepartementet utsette saka. Det vart feira som ein viktig delsiger for miljøet. Blant dei frammøtte var multikunstnar Oddvar Torsheim og tidlegare leiar i Naturvernforbundet, Erik Solheim, frå Førde.

– Eit gledeleg vedtak

Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, var ein av innleiarane på arrangementet ved Kunstmuseet i Førde.

– Næringsministeren makta ikkje å sjå dei klare åtvaringane frå havforskarar og andre mot å bruke våre fjordar som avfallsplass for gruveindustrien. Difor var det veldig gledeleg at miljøvernministeren denne veka sa at han ikkje kunne behandle søknaden frå Nordic Mining før ein hadde meir kunnskap om strømningsforholda i fjorden, sa Haltbrekken i talen sin.

(Artikkelen held fram under biletet)

Miljødemonstrasjon i Førde

VIL KJEMPE: Medan Sogn og Fjordane Arbeidarparti snakka varmt om gruvedrift i bygget bak leiaren i Naturvernforbundet, snakka Lars Haltbrekken om negative konsekvensar av gruvedrift.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det vil i alle fall ta eit år å få gjort dei målingane og så skal dei analyserast, så vi har fått ei god utsetjing som vi skal bruke godt for å framleis stå på for Førdefjorden, heldt han fram.

I strid med Ap-politikken

Samstundes som miljøforkjemparane ved Kunstmuseet demonstrerte mot gruvedeponi, sat eit samla Sogn og Fjordane Arbeidarparti nokre titals meter unna på Sunnfjord Hotell. Der gjekk dei over 100 delegatane samrøystes inn for å krevje gruvedrift snarast.

I vedtaket ser dei med bekymring på framdrifta av prosjektet, og meiner det er uakseptabelt at det har teke langt over eitt år for departementet å komme med ei uttale. Difor krev dei no ei rask avklaring, og ber om at Miljøverndepartementet leverer ein konkret framdriftsplan, som viser når ein kan forvente svar frå departementet.

Vil slåst vidare

Miljødemonstrasjon i Førde

LA FISKEN LEVE: Det var bodskapen frå både store og små miljødemonstrantar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men på den andre sida av vegen meiner Haltbrekken i Naturvernforbundet at det burde vere openbert kva konsekvensar gruvedrifta vil få.

– Det er openbert for dei aller fleste, og det burde også vere det for Norges næringsminister, at det å dumpe seks millionar tonn gruveavfall kvart einaste år i 50 år vil ha katastrofale konsekvensar for livet i fjorden.

Saman med dei andre miljøaktivistane prisar Haltbrekken seg no lukkeleg over at miljøvernminister Bård Vegar Solhjell har sikra dei meir tid til å kjempe mot gruvedrift.

– Vi har fått sjansen til å slåst vidare, og den sjansen skal vi ta.

Miljødemonstrasjon i Førde

SAMLA SEG: Også Oddvar Torsheim deltok på demonstreringa mot gruvedrift i Naustdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK