Hopp til innhold

Jubla for 1,8 millionar kroner

Med 1,8 millionar kroner frå bulystsatsinga skal stryningane finne ut kvifor Stryn har suksess med design.

Design i Stryn.

SKAL FINNE OPPSKRIFTA: Jørn Sønsterudbråten (prosjektleiar Design Stryn), Wenche Flølo (prosjektleiar Bulyst, Farmhouse), Hege Solbakken (statssekretær KRD), Helge Gjørven (prosjektansvarleg og dagleg leiar i Stryn Næringshage), Gro Flølo (dagleg leiar Farmhouse) og Nils P. Støyva, ordførar i «designlandet».

Foto: Fagre Stryn

Kommunen har lange tradisjonar med suksessfulle designverksemder. No skal dei forske på kvifor det er slik – og vidareføre suksessen.

Moods of Norway, Rico Vero og Skogstad er berre nokre døme på designverksemder som har fått det til i kommunen.

– No skal vi finne fasiten for suksess, og det vil vi halde fram med i Stryn. Vi ynskjer å finne ein overførbar modell på dette, og finne ut kva som gjer Stryn så unike og kvifor vi får det til, seier dagleg leiar i Farmhouse, Gro Flølo.

Kraftfullt verkemiddel

Onsdag vitja statssekretær Hege Solbakken frå Kommunal- og regionaldepartementet designkommunen. Med seg hadde ho ein sjekk på 1,8 millionar kroner frå bulystsatsinga.

Det er Farmhouse som tok initiativet til prosjektet «Bu i Stryn: Designlandet». Stryn Næringshage er eigar av prosjektet der fleire aktørar i Stryn er med.

– Design er eit kraftfullt verkemiddel i endrings og utviklingsprosessar og dette er ei fantastisk moglegheit for Stryn til å ta posisjon som Designlandet, sa prosjektleiar Wenche Flølo.

Forprosjekt

Målet med prosjektet er at ein skal få lyst til å bu, høyre til og skape i Stryn gjennom å bruke design som strategisk verkty for stadutvikling – og å bidra til å skape framtida.

Gjennom eit forprosjekt med engasjert deltaking frå ulike aktørar i kommunen, har det utvikla seg til eit 2,5-årig hovudprosjekt.

– Vi ser med stor spenning på det som skal skje i Stryn dei komande åra, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

God forankring

Tildelinga byggjer på erfaringane som er samla i forprosjektet, som var delfinansiert av bulystmidlar i fjor.

Stryn har arbeidd mykje med dette temaet og har erfaringar som Navarsete meiner er verdifulle, også for andre som vil arbeide med temaet design og merkevarebygging.

– Prosjektet har god forankring i lokalt næringsliv, noko som er ein viktig føresetnad for at arbeidet skal lukkast, meiner ho.

Ekte og ærleg

Flølo i Farmhouse seier løyvinga betyr mykje for prosjektet, der også kommune og Fagre Stryn er med.

– Vi er kjempeglade. Ein er aldri sikker på å få noko, men følte at vi hadde eit veldig bra prosjekt. Det er noko ekte og ærleg i Stryn. Det er forankra i kommunen, i det lokale næringslivet og vi har sterke aktørar med. Vi meiner vi fortener det, seier ho.

Suksess avlar suksess

– Med dette prosjektet får vi merkevarer inn i system. Det som er utgangspunktet er å skape bulyst, så vi håpar å finne ein overførbar modell på kva som gjer Stryn så unike, og kvifor vi får det til, held ho fram.

Ho håpar resultatet kan bli fleire suksessverksemder som Moods of Norway.

– Det som er sikkert er at suksess avlar suksess, og det vil vi halde fram med i Stryn. Og det er det vi skal forske litt på no, om dette let seg overføre, avsluttar ho.