NRK Meny
Normal

Jubelår for brunosten etter Moods of Norway-samarbeid

Mange år med nedgang i brunost-salet vart snudd til oppgang i 2016, og Tine meiner kampanjen med Moods of Norway er grunnen.

Ny brunost i rosa forpakning

NY PAKKE: Marknadsdirektør Kathrine Mo i Tine, presenterte den nye brunostpakninga, saman med Simen Staalnacke (t.v.) og Peder Børresen i Moods of Norway. Presentasjonen skjedde i oktober 2015 og vart sett ut i butikkane frå februar 2016.

Foto: Tine

– Vi er ganske sikre på at den satsinga gjorde utslag. Vi såg ei veldig auke i salstala i den perioden, seier meierisjef, Thorkild Heieren, for Tine sin fabrikk på Byrkjelo.

I oktober 2015 annonserte Tine at dei inngjekk eit samarbeid med Moods of Norway, der dei friska opp designa på pakninga til brunosten for å nå ut til fleire. I over 150 år har brunost vore ein del av norsk mattradisjon og i februar i 2016 fekk den rosa forpakting med påskrifta «It’s hip to be square».

Mange år med nedgang

Tal frå Tine viser at dei siste åra har salet og produksjonen gått jamt og trutt nedover. Årsaka er at nordmenn har ete mindre brunost og grafen under viser tydeleg at salet har gått kraftig nedover dei siste åra. Før trenden snudde i 2016.

Salet av brunost over 20 år

20 ÅR: Trenden er klar, salet av brunost har gått jamt og trutt nedover i fleire år.

Foto: Tine

– I fjor hamna produksjonen vår på brunost på 2800 tonn. Det er ei auke på tre prosent, samanlikna med 2015, seier Heieren.

Thorkild Heieren

NØGD: Meierisjef Thorkild Heieren for Tine sin fabrikk på Byrkjelo kan sjå tilbake på eitt år med auke i salet av brunost.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

På meieriet på Byrkjelo vert om lag ein tredjedel av brunosten som vert seld i Norge produsert. Brunost vert også produsert i Elnesvågen, Lom og Skjåk, Ørsta og Storsteinnes, men om nokre år overtar Byrkjelo brunostproduksjonen til Elnesvågen og Ørsta.

Tine Gruppa presenterte onsdag resultatet for 2016, som viste ei auke på 1,4 prosent i driftsinntekter. Det totale talet enda på 22,1 milliardar kroner.

Brunost hadde i 2016 ein verdivekst på 1,6 prosent på landsbasis, ifølgje Tine sine tal.

Ost vert viktigare

Halvparten av Norvegia-osten vert produsert på Byrkjelo. Det blir 11.000 tonn, og der har det vore ei jamn auke dei siste åra.

For Tine på Byrkjelo er auka i salet av brunost og ost ekstra viktig, då dei mister all mjølkeproduksjon til Bergen. Samtidig skal dei produsere dobbelt så mykje brunost om nokre få år.

– At salet av ost og brunost går jamt oppover er viktig for oss. Vi mister ein del arbeidsplassar når mjølkeproduksjonen vert flytta, men får tilført fleire ved ekstra brunostproduksjon, seier Heieren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.