Hopp til innhold

Jubel for museumspengar

Jubelen stod i taket i Balestrand då det vart kjent at regjeringa løyver 47 millionar kroner til Norsk Reiselivsmuseum.

Balestrand med Kvikne´s Hotell
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For med denne summen er alt klart til at bygginga kan kome i gang til hausten.

Visste ikkje noko

Inger Marie von der Lippe er dagleg leiar for Norsk Reiselivsmuseum, og ho visste ikkje noko mom pengane før ein statsråd og to stortingsrepresentantar dukka opp på kontoret hennar.

Sjå innslaget i Vestlandsrevyen:

Video nsps_upload_2009_4_2_18_20_30_2351.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Måtte halde seg fast

Ho vart så sjokkert at ho må halde seg i pulten. Og Heidi Grande Røys, Erling Sande og Ingrid Heggø nærast slost om å ta æra for den gode nyhenda. Og så kom direktør Sigurd Kvikne frå Kvikne´s Hotell med champagne.

- Ein stor dag

Kvikne´s Hotell

Kvikne´s Hotell kan rekne med auka trafikk når reiselivsmuseet kjem i drift.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Vi fann fram ei fin flaske i dag, for det synest eg denne gledelege hendinga er verd. Det er ein stor dag for norsk reiseliv, for det har ikkje vore noko samlande senter som kan dokumentere og vise den lange reiselivshistoria. I kombinasjon med spennande arkitektur reknar eg med at det blir eit spennande innhald og ein attraksjon som det er verd å besøke, seier Kvikne.

- Fekk nesten hjartestans

- Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg såg forsamlinga utanfor kontoret mitt. Eg trur eg nesten fekk hjartestans. Dette blir ein flott attraksjon som folk vil kome langvegs frå for å oppleve, og det vil få veldig mykje å seie for næringslivet i Balestrand, sa museumsstyrar Inger Marie von der Lippe då ho hadde kome seg av sjokket.

Ti års arbeid

I ti år har det vore jobba med å få eit nasjonalt reiselivsmuseum i knytta til Kviknes Hotell. Heile museet er kostnadsrekna til 55 millionar kroner. Frå før av er Balestrand kommune og fylkeskommunen til saman inne med 20 millionar kroner i prosjektet.

Stolt minister

Men pengane frå staten har lete vente på seg fram til i dag. Fornyingsminister Heidi Grande Røys er svært stolt over endeleg å ha fått på plass midlane og meiner dette er eit museum som er viktig for heile landet

- Her i Sogn har vi over 100 års reiselivserfaring, og folk kan mykje om turisme. Det skal ikkje bli eit museum for berre Sogn og Fjordane, det skal vere for heile landet, men vi er veldig stolte over at det blir bygd i Balestrand, dette er så og seie vogga til reiselivet i Norge..

Byggjestart til hausten

Byggearbeidet startar til hausten, og går alt som det skal vert det opning våren i 2011.