Hopp til innhold

Sogndal fekk draumestart, men kollapsa i andre omgang

Strømsgodset fekk ein verst tenkeleg start mot Sogndal, men snudde kampen til 4–1 siger. No kan dei ta medalje, medan Sogndal er på kvalifiseringsplassen.

Eliteserien i fotball 2017: Strømsgodset - Sogndal

LEIKEN: Bassel Jradi herja tidvis med Sogndal-forsvaret og fekk avslutta to flotte angrep i scoring. På det siste målet lurte han vekk heile Sogndal-forsvaret med ein lekker piruett.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Tre magiske minutt etter ein times spel avgjorde kampen. Først var det Bassel Jradi som fekk æra av å avslutta eit praktfullt angrep til 2–1. Tre minutt seinare dukka Marcus Pedersen opp på første stolpe og stussa inn eit hjernespark frå Eirik Ulland Andersen til 3–1.

– Sogndal gjorde det vanskeleg for oss og laga ein krig i første omgang, men så vart dei slitne og klarte ikkje å henga med. Det var herleg med fire mål i dag, seier Marcus Pedersen til Eurosport.

Kvar sin ende

Eliteserien i fotball 2017: Strømsgodset - Sogndal

«KRIG»: Det var tøffe tak i Drammen. Her har Strømsgodset-spelar Marcus Pedersen nettopp fått ein smell av Sogndal-veteran Kjetil Wæhler.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Men kampens store prestasjon stod Jradi for like før slutt. Etter å ha blitt spelt fri av Tokmac tok han ein heilfrekk piruett som lurte vekk heile Sogndal-forsvaret før han sette inn 4–1-scoringa.

Sogndal har no tatt over kvalifiseringsplassen, og ligg tre poeng bak Tromsø som klatra opp på trygg grunn etter å ha slått Viking 3–0. Laga møtast Fosshaugane neste helg i det som vil bli ein viktig kamp for å unngå nedrykkskvalifisering.

Vi heng ikkje med i andre omgang og fekk spelt seg for enkelt i gjennom. Vi gjekk litt tom for krefter etter kvart. Då taper vi. No må vi berre nullstilla og gjera oss klar til kampen neste helg, seier Sogndal-kaptein Even Hovland til Eurosport.

Før kampen gjorde Sogndal-trenar Eirik Bakke fleire endringa på startoppstillinga.

– Det var ein kalkulert risiko med ein del av endringane vi gjorde. Dei som var ute i dag er tilbake til neste kamp heime mot Tromsø og det er på heimebane vi må gjera det, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke til NRK.

Reiss Greenidge og «Chidi» Nwakali har to gule kort og måtte stått over neste kamp om dei hadde fått gult mot Strømsgodset. Eirik Birkelund sona karantene i denne kampen og Gilbert Koomson var heime i Ghana i gravferd. I tillegg tok Bakke ut Martin Ramsland tidleg i andre omgang, då han hadde fått karantene i neste kamp om han hadde fått gult kort.

Strømsgodset er no oppe på fjerdeplass og med seks strake sigrar er dei no med i medaljekampen.

Sogndal starta best

Eliteserien i fotball 2017: Strømsgodset - Sogndal

JUBEL: Bendik Bye jublar etter å ha sendt bortelaget i føringa.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Strømsgodset styrte kampen, men det var Sogndal som tok leiinga etter eit knapt kvarter. Eit dårleg utspel får Godset-keeper Espen Bugge Pettersen hamna hjå Stanisa Mandic. Han sende ei presis pasning til lagkamerat Bendik Bye som sette ballen kontrollert i hjørnet frå om lag 18 meter.

Godset pressa hardt på gjennom heile omgangen, men Sogndal forsvarte seg tappert. Men like før pause skjedde det som måtte skje. Francisco Júnior skapte balanse i rekneskapen med eit godt skot frå 17 meter.

Premissen før kampen var veldig forskjellig. For Sogndal kjempar med nebb og klør for å halda seg unna nedrykk, men har i dei siste kampane rota vekk viktige poeng på slutten. Strømsgodset på si side har spelt seg inn i kampen om medaljar, etter at dei har vunne dei fem siste kampane sine.

Eliteserien i fotball 2017: Strømsgodset - Sogndal

NÆRE: Lobben til Tokmac Chol Nguen gjekk like utanfor, då han kom gjennom aleine med keeper.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..