Utdelinga skjedde torsdag under den årvisse fylkesmessa til Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.
Dermed blir 17-åringane frå Luster Sogn og Fjordane sitt bidrag under NM i Oslo seinare i år.
– At nokon tykkjer vi har ein bra idé, så har vi fått til det vi ynskjer. Ein ting er å håpe på gull, noko anna er det å faktisk få det, jublar Anja Helen Kandal.
Mote på nynorsk
Kandal er annonseringsansvarleg og økonomiansvarleg i verksemda ho driv saman med Emilie Risnes Øyre, Monica Flatland og Gudrun Ness.
Saman står dei bak Puella Magasin.
– Det er eit nynorsk motemagasin, der vi satsar på økonomisk mote. Vi ynskjer å vise at du kan vere motebevisst utan at det kostar så mykje, fortel redaktør Flatland.
Hadde ideen
Flatland har lenge gått med draumen om å lage eit motemagasin, og då dei andre jentene tykte det var spennande byrja snøballen å rulle.
Resultatet vart elevbedrifta Puealla magasin ub. Å skrive på noko anna enn nynorsk var uaktuelt.
– Det er vår identitet. Det blir urealistisk og feil for oss å skrive bokmål, seier Flatland.
– Verdige vinnarar
Og i dag vart det altså pris. For jurymedlem Jenny Følling var det kjekt å sjå eit moteblad på nynorsk.
At verksemda også kan vise til god rapport og gode økonomiske resultat, er heller ikkje noko ulempe. Følling meiner det var verdige vinnarar.
– Dei overbeviste oss. Dei har vist ekte engasjement for det dei har jobba med og produktet. Har laga eit flott motemagasin på nynorsk og treff midt i hjartet til det ungdomen tenkjer på, meiner ho.