Hopp til innhold

Journalist er dotter til aksjonist

Legeforeininga i Sogn og Fjordane er kritisk til at dotra til ein sjukehus-aksjonist skriv om bråket rundt Jon Bolstad.

Rune Larsen
Foto: NRK / NRK

Talsmannen til foreininga meiner Jon Bolstad og leiinga i Helse Førde no vert utsette for ein hetsekampanje.

Rune Larsen i foreinga seier det er oppsiktsvekkjande at Dagbladet let dotra til ein sentral sjukehusaksjonist i Lærdal skrive om saka.

- Ein kan spørje seg om det er andre motiv som ligg bak når journalisten skriv så einsidig negativt om Helse Førde, seier Larsen.

- Kven er kjeldene?

- Ein kan jo lure om det er bindingar, kven som er kjeldene til informasjonen og om det er eit ønskje om å lage bråk med utgangspunkt i sjukehuset i Lærdal, seier Larsen. 

Dagbladet-journalist Ragnhild Avdem Fretland er frå Lærdal og har den siste tida skrive kritiske saker om leiinga og styret i Helse Førde. Mora heiter Anna Avdem og har fleire gonger aksjonert mot prioriteringane som styret i helseføretaket har gjort. No er Avdem, ifølge Sogn regionråd, også nominert av Lærdal kommune til ein plass i det nye styret som skal veljast i mai.

- Politiske motiv?

Det er dette Rune Larsen i legeforeininga reagerer så kraftig på.  

- Vi kan jo lure på om det ligg ein tanke bak - at det er så viktig å lage bråk om tilhøva rundt sjukehuset i Lærdal at det i neste omgang difor er naturleg å få valt inn eit styremedlem frå Lærdal. 

- Er det ikkje reelle problemstillingar som vert tatt opp i artiklane? Møbelkjøpet til direktøren var kanskje ikkje det luraste?  

- Nei, det var det sikkert ikkje det luraste. Men om saka fortener førstesida på Dagbladet og mange dagar med følgjetongar i fleire media, det stiller eg spørsmål ved. Difor lurer eg på om det er andre motiv som ligg bak.  

Ler bort kritikken

Dagbladet-redaktør Thor Gjermund Eriksen forstår rett og slett ikkje kritikken frå legeforeninga, og seier han har full tillit til journalist Ragnhild Avdem Fretland.

- Eg veit ikkje om eg skal le eller grine, ler Eriksen. 

- Men kan det ikkje verte eit problem for Dagbladet når dotter til ei av dei som lenge har kritisert Helse Førde-leiinga skriv desse artiklane?  

- Eg trur dei fleste vil skjøne at ein journalist som jobbar for Dagbladet gjer det utfrå ein journalistisk integritet og profesjonalitet.

Aksjonist avviser kritikken

- Det ville vore klokt av legeforeninga å møte kritisk journalistikk på ein meir ryddig måte enn denne usaklege mistenkeleggjeringa. Påstandane er dessutan totalt skivebom, meiner Bente Øien Hauge i aksjonen "Forsvar Lærdal sjukehus".

I ei pressemelding frå Øien Hauge peikar ho på at mora til Dagbladet-journalisten,  Anna Jorunn Avdem, ikkje er tilknytta sjukehusaksjonen utover den kontakten ho som varaordførar naturleg har med aksjonen.

- Etter det vi har registrert, har Avdem samanfallande synspunkt med dei andre ordførarane og varaordførarane i regionen, påstår Øien Hauge. 

Øien Hauge avviser også at sjukehusaksjonen i Lærdal står bak ein kampanje mot Jon Bolstad.

- Mykje av det som er kome fram i media har vore nytt også for oss, heiter det i pressemeldinga.