Hopp til innhold

Journalar reddar liv, dersom folk seier ifrå

Kjernejournalsystemet kan utgjere skilnaden mellom liv og død for dei som kjem medvitslause inn til ukjende helseføretak. Men systemet er avhengig av at folk seier ifrå sjølve.

Øystein Furnes, legevaktsjef i SYS IKL

MÅ INFORMERE: Øystein Furnes seier at folk sjølve må informere om sjukdomshistorikken sin for at kjernejournalane skal vere nyttige i naudsituasjonar.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Kjernejournalane er eit journalsystem som er felles for heile helsetenesta. Desse journalane skal samle viktigare opplysningar om pasientar og slik gjere det enklare for helsepersonell å få tak i livsviktig informasjon i naudsituasjonar.

Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Rune Røren, forklarar at ein stor fordel med systemet er at også pasientane sjølve kan bidra.

– Alle pasientar blir jo spurde når dei kjem innom sjukdomshistorikken sin om dei har allergiar og slike ting. Men her har dei moglegheita til å skrive det ned ein stad medan dei er friske, slik at vi har det, seier Røren.

Då slepp dei å hugse alt når dei kjem inn og er sjuke.

Avgjerande å seie ifrå

Legevaktsjef i legevaktsamarbeidet SYS IKL, Øystein Furnes, forklarar at kjernejournalsystemet foørebels ikkje har vore nokon medisinsk revolusjon, men at det har vist seg som eit godt supplement i enkeltsaker.

Han seier at flest mogleg må dele viktig informasjon om seg sjølv for at systemet skal fungere optimalt.

– Dersom kjernejournalane skal fungere slik det er tenkt, er det viktig at alle dei med viktig helseinformasjon om seg sjølv anten får lagt det inn sjølv eller får legen sin til å legge det inn for dei, oppfordrer han.

Kari Støfringsdal, KomUt-nettverket

UTBREIDD: Kari Støfringsdal i KomUT-nettverket seier at legekontora i Sogn og Fjordane er flinke til å bruke kjernejournalar.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Flittig brukt i fylket

Sogn og Fjordane er eitt av dei fylka i landet kjernejournalsystemet er mest brukt. Alle legevaktene og nesten alle legekontora har i dag tatt i bruk systemet.

– Det er vel fire legekontor som ikkje har kjernejournal pr i dag. Det er på grunn av at dei har gamle journalsystem som ikkje let seg integrere med kjernejournalsystemet, seier Kari Støfringsdal i KomUT-nettverket.

Dei har hatt ansvaret for innføringa i Sogn og Fjordane, og Støfringsdal håpar at også dei siste legekontora kan ta i bruk systemet i 2016.

– Dei jobbar vi med å få på plass no, og eg reknar med dei skal vere klare i løpet av året, seier ho.