NRK Meny
Normal

Jotunspelarar blir kasta ut av landet

To av handballspelarane til Jotun får ikkje spele i Norge lenger og blir kasta ut av landet i løpet av veka. Dei to er frå Montenegro og får ikkje arbeids- og opphaldsløyve.

Handballspelarar frå Montenegro

MÅ UT I LØPET AV VEKA: Sladjana Perazic (med ball) og Marija Mudronja (med hestehale) får ikkje fortsette i Jotun dersom ikkje klagen til UNE når fram.

Foto: Jan Egil Fimreite

– Det er håplaust. Det er merkeleg at det skal vere så vanskeleg, seier Torstein Kvam som er sportsleg leiar i Jotun.

I september forsterka Jotun laget med tre spelarar. To av dei, Marija Mudronja (31) og Sladjana Perazic (18), er frå Montenegro. Kvam fryktar at dei to kan bli sende ut av landet i løpet av veka.

Kjempar i toppen

Klubben ligg no i toppen av 2. divisjon, men laget har i ei årrekkje vore rekna som det beste handballaget i fylket. No er det Førde som toppar divisjonen. Men Kvam

Torstein Kvam

HÅPAR DEI NÅR FRAM: Klubben har ifølgje Torstein Kvam gjort fleire forsøk på å få arbeids- og opphaldsløyve til dei to.

Foto: Siren B. Svortevik

seier det er eit stort problem at dei to kjem frå Montenegro som ikkje er eit EU-land.

Ifølgje Kvam har klubben gjort fleire forsøk på å skaffe dei to arbeids- og opphaldsløyve. Det siste dei har prøvd er gjennom profesjonell kontrakt, men det viser seg at det berre gjeld for 1. divisjon og eliteserien.

– Dette er to kvalitetsspelarar som har bidrege sterkt til å heve laget. Dersom vi må gje slepp på dei kan vi ikkje vere med på opprykkskampen neste år, fryktar Kvam.

Klubben har hyra inn advokat for å få behalde dei to sentrale spelarane. Advokat Louis Anda synest det er urimeleg at regelverket blir tolka så strengt ettersom laget ligg heilt på topp i 2. divisjon.

Louis Anda

HYRA INN ADVOKAT: Advokat Louis Anda meiner UDI diskriminerer distrikta ved å praktisere reglane om proffspel så strengt som dei gjer.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

– Jotun ligg i heilt i vasskorpa for å spele i 1. divisjon. Vi ber om at Utlendingsnemda (UNE) ser på saka ein gong til, og ser at Jotun er så nær å spele i på dei to øvste nivåa at det bør gje grunnlag for at desse to spelarane får arbeids- og opphaldsløyve.

Diskriminerande handheving

Anda har forståing for at grensene for korleis reglane skal praktiserast må gå ein stad, men meiner Jotun er i ei gråsone, og at dei tolkar reglane på ein måte som diskriminerer distrikts-Noreg.

– Det er ingen tvil om at dei store laga kjem frå sentrale strøk og store byar. Men dei som kjempar nede i divisjonane er lag frå distrikta som ikkje har like stor pågang av spelarar som andre lag sentralt.

– Det har eg lagt vekt på i den nye klagen til UDI der vi viser til at ei slik tolking av regelverket kan vere diskriminerande. Dei har ein distriktsuvenleg profil.

Tydelege grenser i UDI

Men i UDI er det lite gehør for argumentasjonen til advokat Louis Anda. Områdeleiar i Opphaldsavdelinga i UDI, Jonas Follmo, seier dei to spelarane til Jotun ikkje fyller krava til å få opphaldsløyve.

– Dei fyller verken krava til sesongarbeidar i Norge eller som faglært arbeidar. For å fylle vilkåra til sesongarbeid må ein ha arbeid som er sesongbasert, eller arbeid som er ordinær ferieavvikling. Og for å få arbeidsløyve som faglært arbeidar krev det ei utdanning og arbeidstilbod som vi definerer som faglært – det vil seie på eit høgt nivå. Det har UDI konkludert med at desse to ikkje har.

Follmo understrekar at sakene til dei to spelarane er handsama ut frå dei opplysningane og den dokumentasjonen dei har fått.

Ufråvikeleg krav

Kravet til at ein må spele i eliteserie eller 1. divisjon er klokkeklart.

– Vi definerer eliteserie og 1. divisjon som nivå høgt nok for å kunne kalle seg faglært innan idretten. Og det er det ikkje snakk om her. Jotun spelar i 2. divisjon.

– Advokaten meiner klubben spelar så høgt i 2. divisjon at det må vere ei gråsone. Er det rom for det?

– I dette tilfellet er det ikkje noko gråsone, enten spelar ein i dei to øvste divisjonane eller så gjer ein det ikkje. Det er ei klar grense som er sett.

At distrikta blir diskriminerte med ei så streng utøving av regelverket vil ikkje Follmo kommentere.

– Men regelverket her er så tydeleg og enkelt at det burde vere enkelt å følgje.