Hopp til innhold

Hege kan få VM i 18-årsgåve

I byrjinga av august fyller handballspelaren Hege Bakken Wahlquist 18 år. Den feiringa kan fort ende med VM-kampar for det norske U-landslaget.

Hege B Wahlquist. Foto: Siren Svortevik, porten.no

Hege Bakken Wahlquist har utmerka seg både i fotball og handball. No satsar ho på fullt med Jotun sitt 1. divisjonslag i handball - og på ei karriere som landslagsspelar.

Venstrevingen frå Årdal er teken ut i bruttotroppen på 20 spelarar som skal førebu seg til European Open i Gøteborg. Troppen skal reduserast til 18 spelarar til turneringa i Sverige, før den igjen blir redusert til 16 før avreise til Den Dominikanske Republikk og VM.

Med andre ord ei suveren råme for 18-års dagen.

- Ein VM-plass seier eg ikkje nei til. Eg har kjempelyst. Det er deigentleg det største du kan oppleve på min alder. Heile verda er der, seier Hege Bakken Wahlquist.

- God sjanse

Trenar Reidar Møistad seier jotunjenta har gode sjansar til å vere på flyet når Norge reiser til Den Dominikanske Republikk 29. juli. Meisterskapen startar 2. august, med finalar ti dagar seinare. I tillegg til vertsnasjonen skal Norge møte Japan, Elfenbeinskysten og Uruguay i gruppe 2.

Til European Open reiser Norge med to venstrevingar. Det er like mange som landslagstrenarane ynskjer å ta med seg til VM. I tillegg er det ein hard konkurrent på reservelista.

- Hege har god sjanse. Ho er i realiteten mellom dei 18 som reiser til Sverige. Dersom dei to venstrevingane gjer jobben sin i Sverige, så er sjansen god for å bli med, seier Møistad.

Har kvalitetar

Bakken Wahlquist kom seint inn i landslagsbiletet. Så langt har ho spelt to kampar, mot Frankrike og Sverige. I Sverige ventar Montenegro, Portugal og Romania.

Kven som reiser får reise til VM blir først avgjort under opphaldet i Gøteborg.

- Hege har vist kjempefin utvikling, og har ekstremkvalitetar som vi ser etter i den moderne ving. Ho har fart, spenst og eit ekstremt godt treningshovud, seier Møistad.

P.S. Jotun er sett opp med heimekamp mot Årstad når 1. divisjon startar 4. september.