NRK Meny
Normal

Jotun vil rykke opp på heimebane

Jotun er seriemeister i 2. divisjon handball, allereie før kampen mot Åsane seinare i dag. No drøymer både jentene og sportsleg leiar Torstein Kvam om å få spele kvalifisering til 1. divisjon på heimebane i Årdal.

Jotun handball
Foto: Siren Svortevik

– Vi har eit fantastisk publikum i Årdal og trekkjer mykje folk på kvar heimekamp. Difor hadde det vore fantastisk om Jotun kunne spelt om opprykk på heimebane, seier sportsleg leiar Torstein Kvam.

I går vart damelaget seriemeister etter at dei slo Årstad 30–23 på heimebane. Jotun har no ei luke på sju poeng ned til Os, og då sistnemnde lag berre har tre kampar att å spele, kan ikkje denne hentast inn.

Trenar Oli Sveinsson seier til Sogn Avis at dei no sparer krefter til kampen mot Åsane seinare i dag. Sveinsson kom tilbake til Jotun denne sesongen og har ført eit ungt lag rett til topps i divisjonen.

Rosar heimepublikum i Årdal

Med ni årdøler på laget har interessa for klubben auka denne sesongen, og Torstein Kvam rosar publikum for å møte opp på heimekampane. I snitt har det vore rundt 300 personar i Årdalshallen, og under kampen mot Førde tidlegare i år, møtte 500 personar opp.

Jotun handball

PÅ SIDELINJA: Hjelpetrenar Terje Sylvarnes, sportsleg leiar Torstein Kvam og hovudtrenar Oli Sveinsson heiar på laget

Foto: Siren Svortevik

I dag er det bortkamp mot Åsane i Bergen.

– Det hadde vore moro å gått gjennom heile sesongen utan tap, men det kan vere at jentene ikkje yter maks i dag, i og med at dei allereie er seriemeister, trur leiar Kvam. Han rosar publikum i Årdal for å ha stilt opp på heimekampane i år.

Drøymer om kvalifisering heime

Når seriemeisterskapen no er i boks, skal laget ut i kampar om opprykk til 1. divisjon. Vanlegvis blir kampane spelt på Austlandet, men Torstein Kvam vil søkje om at Årdal får kampar denne gongen.

– Vi har det beste heimepublikumet og skal klare og lage god stemning i hallen. Dette er tredje gong vi søkjer om kvalikkampar, og håpet er at handballforbundet endeleg seier ja.

Søknaden blir avgjort den 22. mars og Jotun skal ut i kvalifiseringsspel dei 12. til 14. april.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser