Hopp til innhold

Jotun vann 23-22 over Førde

Førde sine handballdamer fekk sin historiske debut i 2. divisjon søndag ettermiddag. Motstandar var ingen ringare enn Jotun frå Årdal, fylkets til no beste damelag. Jotundamene var sterkast til slutt, kampen enda 22–23.

Siger for Jotundamene
Foto: Alf Vidar Sneland

Det var stor spenning og god stemning i Førdehuset då Førde for første gong inviterte til 2.-divisjonskamp på heimebane. Motstandar Jotun har langt meir erfaring frå høgare nivå, men må i år ta til takke med 2. divisjonsspel.

Dette var og ein spesiell kamp for Førdetrenar Øyvind Indrebø. Han har nemleg lang erfaring som trenar for motstandar Jotun.

– Det var ein skuffande prestasjon frå vår side, spesielt framover. Det er surt å tape når eg veit at vi kan betre, seier førdetrenaren. Han vedgår at det var litt spesielt å møte gamlelaget i første serierunde.

Det vart ein svært så jamstelt kamp, der begge lag låg i føringa. I sluttminutta var det stor dramatikk, men Jotun vann med minst mogleg margin og kampen enda 22–23.

Jotuntrenar, Olafur A Sveinsson, var langt meir nøgd etter kampslutt. Han meiner Jotun var det klart beste laget.

– Vi hadde gode sjansar og då vi låg under etter første omgang, spelte vi på erfaring og taktikk, seier Sveinsson.

Trenaren har ei klar målsetning om å vinne kvar kamp. Han håpar på opprykk, men trur det er ein fire-fem andre lag som også kan gjere det bra. Allereie neste helg er det ny runde i 2. divisjon.