Kantspelar Marianne Hestetun sakna karantene-idømte Olafur Sveinsson på benken. Jotun-leiar Jarle Nundal og hjelpetrenar Alfred Holsæter var kampleiarar frå jotunbenken i karantenefråværet til hovudtrenar Olafur Sveinsson.
Gjorde sitt beste
Ut frå føresetnadene gjorde dei sitt beste, meiner Hestetun. Men ho ser ikkje bort i frå at kampen kunne enda annleis med Sveinsson på benken.
Det var meir enn seriepoenga som motiverte til innsats i Laksevåghallen laurdag. For motstandar Årstad er leia av eks-jotuntrenar Stig Jøsendal, og dei tidlegare jotunspelarane Beathe Myrdal, Linda Øy og Tirill Tønder er sentrale på bergenslaget. Ikkje minst var duellen mellom kantspelarane Beathe Myrdal og Marianne Hestetun spesiell for dei tidlegare lagvenninnene.
Kan miste plassen i 1.divisjon
Årstad-trenar Stig Jøsendal, som har trent Jotun dei fire siste sesongane, meinar det ser mørkt ut for årdølene sin eksistens i 1. divisjon. Laget hadde sjanse til å ta poeng mot Årstad, men blir ståande med sine fire poeng etter halvspelt serie.