Hopp til innhold

Jotun på desperat keeperjakt

Jotun sin førstekeeper Szofia Zsekely er ute med skade i minst fem veker. No er klubben på desperat jakt etter ein erstattar – og den må vere på plass fort.

Keeper for Jotun Szofia Zsekely skada seg under kampen mot Os

UTE I MINST FEM VEKER: Jotunkeeper Szofia Zsekely har fått påvist brot i handa og må gå med gips i fem veker.

Foto: Siren B. Svortevik

– Dette passar oss veldig dårleg sidan vi ligg an til kvalifiseringsspel til 1. divisjon, seier Torstein Kvam som er sportsleg leiar i Jotun.

Mot slutten av kampen mot Os laurdag måtte Zsekely ut med skade. Etter ein tur til lege søndag viser det seg at det er brot i handa.

– Ho må gå med gips i fem veker, og seinare blir det opptrening. Så eg har lita tru på at vi kan bruke ho denne sesongen, seier Kvam.

– Vi må ha ein keeper til

Med to nye poeng etter sigeren mot Os i går sikra Jotun seg eit bra forsprang ned til nettopp Os på andreplass på tabellen. Det er åtte poeng som skil dei to og alt ligg til rette for at årdølane er klar for kvalifiseringsspel for 1. divisjon i april.

Med åtte kampar att av sesongen er det mykje som skal gå gale for at dei misser den komfortable leiinga. Å miste førstekeeperen sin er ein av dei verste tinga som kan skje, og det har skjedd.

– Skal vi ha ambisjonar om å kome tilbake i 1. divisjon må vi ha to keeperar. Vi har åtte kampar att i serien, men vi kan og få tre tøffe kampar i kvalifiseringa. Så vi må ha ein keeper til, seier Kvam til NRK.no søndag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jotun sin førstekeeper Szofia Zsekely er ute med skade

SMERTER: Szofia Zsekely hadde tydeleg vondt etter at ho måtte ut med skade i kampen mot Os laurdag.

Foto: Siren B. Svortevik

Skal bruke dei neste vekene godt

Sist sesong spelte Jotun lenge med berre ein keeper, men dette er slett ingen god situasjon.

– Det er russisk rulett. Vi har ein god andrekeeper no, men vi må jobbe for å få ein til, seier den sportslege leiaren.

– Kor lett er det å få på plass ein keeper fort?

– Det er svært vanskeleg.

Med 14 dagar til neste kamp har klubben litt tid på seg. Kvam seier dei har gode kontaktar og håpar dei skal greie det.

– Om det ikkje blir ein keeper som kan vere her fast, så må vi prøve å få låne ein keeper.

– Vi er litt desperate, det er ikkje tvil om det.