– Men det er svært vanskeleg å få målvakter som held høgt nok nivå til Årdal, seier jotuntrenar Stig Jøsendal.
Jotun er budd på at det vil vere kostnader med å få ny målvakt til Årdal, men klubben er ikkje villig til å la keeperproblemet gå ut over økonomien i laget.
Vanskeleg treningssituasjon
Jotun starta sesongen med målvaktduoen Malene Solheim og Hanne Hestetun. No er Solheim åleine om målvaktoppgåva. I tillegg til faren for å få skada si einaste målvakt er Jøsendal heller ikkje glad for effekten målvaktkrisa har på treningsarbeidet.
– Det er treningssituasjonen som er det største daglege problemet, seier Jøsendal.
Til helga er det ny viktig kamp for botnlaget Jotun, når tabellåttar Fredrikstad kjem på besøk til Årdalshallen. Jotun fekk ein av dei to sigrane sine i haust mot nettopp Fredrikstad. Jøsendal håpar på ei reprise, men han innser at det ikkje blir lett.