- Fyrst må vi stabilisere oss 1. divisjon, men på lang sikt håpar vi å vere mellom dei 20 beste laga i landet, seier leiar i Jotun handball, Jarle Nundal.
Vil satse
I fjor gjekk dei med om lag 20 000 i overskot, og Nundal håpar at dei får på plass ei økonomisk ramme også framfor neste sesong, som er god nok til at det er muleg å nå dei ambisiøse sportslege måla. Laget har forlengst starta jakta på ny trenar og nye spelarar, men økonomien er kanskje den fremste utfordringa i jakta på sportsleg suksess.
- Vi har hatt ein gjennomgang med både spelarar, sponsorar og støtteapparat. Håpet er at vi også neste sesong kan satse like sterkt, seier Nundal.