Hopp til innhold

Jotun får keeper frå eliteserien

Handballaget til Jotun får hjelp frå eliteserieklubben Flint Tønsberg til å avhjelpe keeperkrisa si.

Keeper for Jotun Szofia Zsekely skada seg under kampen mot Os

FØRSTEKEEPEREN SKADD: Zsofie Szekely braut handa i kampen mot Os.

Foto: Siren B. Svortevik

Førstekeeperen til Jotun, Zsofie Szekely, braut handa i seriekampen mot Os laurdag og er ute i fem veker. Dermed starta jakta på ein erstattar.

Og no får Jotun låne 19 år gamle Cecilie Lykke Silseth Danielsen frå eliteserieklubben Flint Tønsberg, skriv Sogn Avis.

– Vi har sikra oss ein kvalitetskeeper, og vi er utruleg glade for at vi har fått dette i boks, seier sportsleg leiar Torstein Kvam til avisa.