Hopp til innhold

Jostein: – Sjølvsagt var det ein Flo som scora først

Med tre blad Flo på bana rykte Sogndal opp til eliteserien i går kveld. Heime i Drammen sat ein spent Jostein Flo og følgde med.

Jostein Flo

KJEM MED RÅD: Sogndal bør styrke laget offensivft, rådar Jostein Flo som gler seg over opprykket.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Dette var fantastisk artig. Eg følgde spent med på nettet, fortel Strømsgodset sin sportsdirektør.

Familiehappening

Han har mange år bak seg som Sogndal-spelar og gler seg på klubben sine vegne. Men for Jostein Flo var opprykket ikkje minst ei familiehending.

– Eg snakte med Jarle før kampen, han var nervøs, fortel Flo.

Men broren - som også er tidlegare Sogndal-spelar - sin nervøsitet skulle vise seg å vere grunnlaus.

– Sjølvsagt var det ein Flo som scora først i går. Det er ein tett link mellom Flo, Sogndal og Stryn. Det var ekstra artig, seier Flo som kunne sjå tre slektningar på bana samstundes då fetter Håvard vart byta inn på tampen.

– Eit opprykk av særklasse

Opprykket er fullt fortent, meiner Flo.

– Dette var ei vanvittig oppleving for alle som har vore i Sogndal. Ikkje minst at dei vinn så bunnsolid. Det er det som er så bra, det er ikkje tilfeldige marginar, det er i særklasse. Eit kvalifisert opprykk av dimmensjonar, fastslår den tidlegare Fosshaugane-helten.

Han er ikkje overraska.

– Sogndal har vore bunnsolide i år. Dei har vore stabile og har vunne 1. divisjon soleklart. Kollektivt er dei veldig sterke. Eg såg dei mot Follo. Dei spelar fin fotball. Men eg trur dei må forsterke litt.

– Styrk stallen

Flo er klar på at det er eit tøffare nivå som ventar Harald Aabrekks menn i eliteserien neste år.

– Ein snakkar heile tida om at det er så dårleg nivå i Norge. Men det har gått framover, også her sidan Sogndal sist var i eliten. Og det er forskjell på 1. divisjon og eliteserien, fastslår Flo.

Han kjem med følgjande råd:

– Enkelt sagt så må ein ha ein helst ha ein spiss som scorar 10 mål, det er alltid ein fordel. Du må ha machvinnartypar. Det er det som ofte er litt av forskjellen på 1. divisjon og eliteserien offensivt. Forsvaret og keeperen verkar som det er bra, seier Flo som presiserer at han berre har sett Sogndal to gonger i år.

No må førebuingane til eliteserien komme i gang så snart som mogleg, rådar stryningen.

– Dette kan sogndal minst like mykje om som meg, men det er eit tøffare nivå i eliteserien. Ein kan ikkje feire for lenge. Ein må bli ferdig i løpet av veka og begynne og jobbe.

Fort Fosshaugane

Mykje av oppskrifta for at Sogndal skal lykkast i det gjevaste selskapet, trur Flo ligg i heimearenaen Fosshaugane Campus. På same måte som Haugesund i år har vore uslåelege på heimebane, må Sogndal vere sterike heime.

– Fosshaugane har alltid vore ei borg, og det kjem den til å bli. Sogndal må som mange nyopprykte lag vere stabile og ta poeng heime, seier Flo.

– Korleis blir det å igjen skulle møte Sogndal med Strømsgodset?

– Det blir artig. Eg er ekte godset godsetgut , til og med når eg var i sogndal, men eg har masse vener og slekt vener som både spelar og sit i ulike verv i Sogndal, seier Flo som gratulerer gamleklubben.