Hopp til innhold

Jostein fekk smake på luksusfangsten for første gong

Fiskar Jostein Hillersøy hadde ikkje smakt på den eksklusive fangsten han tok om bord i båten for knappe to veker, før i dag.

Jostein Hillersøy var med på å dra opp 190 makrellstørjer. I dag fekk han for første gang på 30 år smake «havets kalv».

SJÅ VIDEO: Kokk Steinar Lindstrøm laga sushi som verkeleg fall i smak hos fiskaren Jostein Hillersøy. (FOTO/REDIGERING: STIAN SJURSEN TAKLE/NRK)

Han har faktisk ikkje ete makrellstørje på over 30 år. Den gong smakte fisken, i følgje han sjølv, meir som «ein skosole».

Eg har smakt makrellstørje ein gong før, då eg var ein seks-sju år gamal. Den gang steikte mor størja både tre og fire timar, før den fekk ligge og godgjere seg fleire timar i brun saus. Dette trur eg blir noko heilt anna, seier bulendingen.

Fiske av makrellstørje

Jostein Hillersøy og resten av mannskapet på båten «Hillersøy» tok den eventyrlege fangsten utanfor Ålesund , for knappe fjorten dagar sidan. Makrellstørja har lenge vore utryddingstruga, men no er den tilbake utanfor norskekysten.

– Så glade at vi klemde kvarandre

Vi jakta på makrellstørja i tre veker før den endeleg gjekk i nota. Fiskarar brukar vanlegvis ikkje å klemme kvarandre, men då vi såg ho gå borti nota måtte vi gje kvarandre ein liten klem. Ikkje så nær på kjaken, berre nesten, smiler Hillersøy. Det var ein utruleg stor augneblink.

Hillersøy og resten av mannskapet jobba med fangsten i 10–12 timar, før dei var ferdige . Og mange sleit med å få løfta armane sine over hovudet til slutt. Fisken vart deretter frakta til Florø, der det var stor kakefest på kaia. No er fisken seld til dei finaste restaurantar både i inn- og utland. Og i dag fekk Jostein smake på fangsten for aller første gong.

Makrellstørja er "havets kalv".

Sushi

SMAKFULLT: Sushien som Steinar Lindstrøm laga av makrellstørja som Hillersøy landa fall i smak.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Makrellstørje er ikkje ei eksklusiv råvare sjølv for ein erfaren kokk, men i dag fekk radiokokken vår Steinar Lindstrøm laga gode smakar av det som blir kalla «havets kalv».

Dette er noko av det mest eksklusive eg har laga. Størja skal bli til både sushi og ein liten middagsrett med asiatisk vri, fortel NRK sin eigen radiokokk. Dette er eit ærefullt oppdrag.

Det har også vore mange spekulasjon rundt kor mykje pengar Jostein Hillersøy og resten av mannskapet på båten, fekk for fangsten. Prisar opp mot 500–600 kroner kiloen har vore nemnde. Sjølv vil ikkje Hillersøy ut med kor mykje dei sit att med etter den eventyrlege fisketuren.

Eg er enormt rik på opplevingar, ikkje pengar, fortel ein småbeskjeden bulending.

Og makrellstørja likte han godt.

Det var fantastisk godt. Vi har lyst til å reise ut på fleire fisketurar. Då skal eg ta med ein bit til han Steinar, slik at han kan lage meir sushi til meg, seier Jostein Hillersøy.