Hopp til innhold

Jørn spent framfor Idol-finalen

I morgon blir det avgjort, blir Jørn Trollebø Kvalheim årets Idol, eller må han ta til takke med ein andreplass?

Jørn Trollebø Kvalheim

SPENT IDOL-FINALIST: Jørn Trollebø Kvalheim frå Vågsøy gler seg til finalen.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Sjølv er fylkets tredje Idol-finalist svært spent på kva fredagen vil bringe.

– Det er nesten litt vanskeleg å forstå at det er snakk om finale i morgon. Det er heilt fantastisk å ha blir stemt fram av sjåarane. Eg gler meg enormt til morgondagen.

På vegen fram til finaleplassen har han først konkurrert ut nær 3500 andre håpefulle for berre i det heile tatt kome med i programmet. Seinare har 10 no blitt til to. Og når NRK snakkar med han torsdag kveld kjennar han på sommarfuglane i magen.

– Akkurat no har eg vore ute og ete eit «siste måltid» slik eg har pleidd å gjere på torsdagane, for på fredagane når det nærmar seg finalen då klarer eg ikkje å ete, då er eg redd for alt som kan gå ut over stemma.

– Men så lenge eg klarer å halde energinivået oppe så går det bra. Det har i alle fall funka fram til no.

Gode støttespelarar

Med seg i salen også denne fredagen har han foreldra Jeanette og Jan Kvalheim slik dei har vore kvar fredag så lenge Jørn har vore med i Idol. Men denne fredagen er heiagjengen kraftig utvida.

– Det set eg enormt stor pris på. Denne gongen kjem også farmor og nokre av søskenbarna mine, tanter og onklar og ein vennegjeng frå Måløy og vennegjeng frå Volda, så dette blir kjekt.

Tre songar skal avgjere

Tre songar er det som skal avgjere kven som stikk av med tittelen som årets Idol. Sjølv har Jørn plukka ut tre songar som han har tru på.

– Fredag blir dei ein song som eg sunge tidlegare. Det er «The Pretender» av The Foo Fighters. Så har dei der heime stemt fram «When you where young» av The Killers. Den siste eg skal synge er ein song der eg har samarbeidd med Joachim Haukås, og den heiter «High speed road».

– No blir det å prøve å slappe av fram mot finalen. Som far min seier halde hovudet ned på skuldrane og skuldrane nede og spare energien til finalen.