Hopp til innhold

Jørn slått på målstreken i Idol

Det heldt ikkje heilt til mål for Jørn Trollebø Kvalheim. Fredag kveld måtte han sjå seg slått på målstreken av Ingvar Olsen som blei årets Idol-vinnar.

Jørn Trollebø Kvalheim

SLÅTT PÅ MÅLSTREKEN: Det heldt berre til 2. plass for Idol-finalist Jørn Trollebø Kvalheim.

Foto: Thomas Reisæter, TV2

– Eg ser på dette som ein seier likevel. Å kome heilt til 2. plass i Idol er ein siger i seg sjølv, seier Jørn Trollebø Kvalheim rett etter at resultatet blei kjent.

23-åringen frå Vågsøy har sunge heile livet, men mest i dusjen som han sjølv seier det. Etter at han tok steget ut av dusjen, og kasta seg på Idol-sirkuset, har han først konkurrert ut 3500 personar for i det heile å kome med i programmet, og seinare har 10 finalistar gjennom hausten blir redusert til to, der altså Ingvar Olsen trekte det lengste strået fredag kveld.

Jørn Trollebø Kvalheim

NØGD MED 2. PLASS: Jørn Trollebø Kvalheim.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Målet no er å få spelt inn noko av musikken min og gitt den ut.

Eit nummer for liten

– Du er mannen som alltid gir alt. Takk for fantastisk energi, fantastiske klemmar og kanskje den største stemma i årets Idol.

Gunnar Greve Pettersen

Jørn heng slett ikkje med hovudet fordi om han blei nummer to. Det blei også ein av kveldens dommarar, Tone Damli Aaberge, då ho i si tid deltok i Idol.

Tone Damli Aaberge

OGSÅ NUMMER TO: Idol-dommar Tone Damli Aaberge.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Det er klart det er kjekt med ein førsteplass, men eg trur ikkje det nødvendigvis treng å ha så mykje å bety. Det har vist seg tidlegare at ein kan få det til med både andre, tredje og fjerdeplassar, seier Tone Damli Aaberge.

– Ho har klart seg bra, ler Jørn.

Under vegs i fredagens finale hausta Jørn mykje skryt frå fleire av dommarane. Gunnar Greve Pettersen meinte han hadde den beste stemma i årets Idol-konkurranse

– Det er heilt sjukt. Eg hadde ikkje drøymt om å få slike tilbakemeldingar. Det er berre heilt vilt.

Mange støttespelarar

Jørn kan ikkje få fullrost dei mange støttespelarane som har følgt han gjennom tjukt og tynt denne hausten. For under kveldens finale var foreldra Jeanette og Jan Kvalheim på plass i salen,slik dei har vore kvar einaste fredag i heile haust.

Jeanette og Jan Kvalheim

STOLTE4 FORELDRE: Jeanette og Jan Kvalheim.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Det var kjekt å sitte i salen og høyre han, og vi er veldig nøgde med 2.-plassen sjølv om vi sjølvsagt helst hadde sett at han vann, seier mamma Jeanette.

– Prestasjonen som han gjorde på scena i kveld vanvitig bra, så i mitt hovud så er han best, istemmer pappa Jan.

Også i heimkommunen hadde mange benka seg framfor TV-skjermen for å få med seg Idolfinalen. Over 700 hadde tatt turen til Nordfjordhallen for å dele oppleving der. Ei av dei var tanta til Jørn, Ingunn Kvalheim.

Ingunn Kvalheim

STOLT AV NEVØEN: Ingunn Kvalheim

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det blei litt antiklimaks. Eg hadde gode« vibbar» under vegs, og syntest Jørn gjorde ein kjempejobb. Det har vist seg mange gonger før at det er den som har blitt nummer to som har gjort det stort, og Jørn har jo ein ambisjon om å kunne leve av musikken.

Har løfta musikklivet i heimkommunen

– Det er klart at dette har vore med på løfte musikkinteresse i Vågsøy, når folk ser at det er mogleg, seier ordførar Morten Hagen (H).

– Eg elsker denne låta, og synes du gjer oppgåva di med stil. Du spelar ikkje berre for folk og dei der heime, men for deg sjølv også. Eg håpar du vinn Idol i år.

Kurt Nilsen

Han og dei over 700 andre som i kveld hadde møtt fram i Nordfjordhallen for å følge Idolfinalen avslutta kvelden med kake sjølv om det ikkje heldt heilt til førsteplass for Jørn fredag kveld.

  • LES OGSÅ:

– Klart vi er litt skuffa, men Jørn er ein vinnar uansett, og eg syntest han var best i kveld.

Kakefest
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK