Jordskredfare i Sogn og Fjordane og Hordaland

NVE har sendt ut varsel om jord- og flaumskred på gult nivå i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal.

Fare for flaum og jordskred

FAREVARSEL: Det er meldt kraftige regnbyer på vestlandet, torsdag ettermiddag.

Foto: NVE

Det er venta kraftige regnbyer på vestlandet frå torsdag ettermiddag. Ifølgje NVE er bratte skråningar, bekker og elveløp med stor vassføring spesielt utsett for skredfare. Gult er det lågaste varslingsnivået.

– Ver oppmerksam

Vakthavande hydrolog, Ann-Live Øye, i NVE seier at sjølv om varselnivået ligg i det nedre sjiktet så er det viktig å følgje med.

– Me forventar ikkje spesielt mange skredhendingar, men me har nokon kraftige regnbyer på gang og me har mykje regn i forkant av uvêret, så det kan skje.

Ann-Live Øye Leine

PASS PÅ: Vakthavande hydrolog, Ann-Live Øye, i NVE seier at det er viktig å vere forsiktig i område der det har gått ras før.

Foto: Stig Storheil / NVE

Øye seier at det er spesielt viktig å vere oppmerksam i område der det har gått ras før.

– Ein burde halde seg unna område med høg vassføring og bratte skråningar i kjende skredterreng.