Hopp til innhold

Jordskjelva i Nepal inspirerte dette designet

Sunniva Unneland (21) deltek i ein internasjonal designkonkurranse med eit konsept som skal hjelpe folk i naturkatastrofar.

Designar Sunniva Unneland får internasjonal merksemd

NAUDHJELP: Med denne oppfinninga håpar Sunniva Unneland å kunne hjelpe folk i naturkatastrofar – og vinne gjeve designprisar.

Foto: Montasje/privat / NRK

Unneland kjem frå Gulen og går siste året av ein bachelor i grafisk design ved Teesside University i England. Eksamensprosjektet er eit produkt som inneheld det mest naudsynte for folk som er i naud etter katastrofar.

– Ideen går ut på å lage ein pakning slik at folk har ressursar til å klare seg før hjelpa kjem. Problemet i Nepal var at mange landsbyar ikkje fekk hjelp raskt nok, fordi det var vanskeleg å komme seg dit, seier ho.

Design frå Sunniva Unneland

ENKELT DESIGN: Dei fem røra kan både bli hengt på veggen, eller bore som ein ryggsekk. Symbola gjer det lette å sjå kva som er inni.

Foto: Privat

Usikkert om det blir sett i produksjon

Produktet er enkelt sagt impregnerte papirrør som kan innehalde grunnleggande ting som mat, vatn, telt, teppe og hygieneprodukt.

– Tanken bak designet er at du aldri veit når ei naturkatastrofe inntreff. Produktet må kunne vere tilgjengeleg lenge, på same måte som eit brannsløkkingsapparat du har i huset i heile tida, seier Unneland.

Design frå Sunniva Unneland

KJEM MED FORKLARING: Saman med pakninga følgjer det med ei brosjyre som forklarer korleis du kan bruke produktet.

Foto: Privat

Selene kan brukast til å henge naudutstyret på veggen, eller slenge dei på ryggen når katastrofen først er ute. Røra valde ho for å gjere det lettare å forstå kva som er inni, i staden for å måtte rote i ein ryggsekk. Samstundes er røra lette å tilpasse, slik at folk som lever i område med ulike farar, kan endre innhaldet etter eige ønskje.

Ho har allereie fått gode tilbakemeldingar – og karakterar – for innsatsen. Men om det blir sett i produksjon er høgst usikkert.

– Viss eg hadde fått sjansen trur eg at eg hadde brukt same grunnidé, men utvikla det vidare. Det ville kravd ein god del meir ressursar enn eg har no og folk med meir erfaring frå naturkatastrofar enn det eg har, seier Unneland.

Har fått internasjonal merksemd

Nyleg vart ho vist fram på ei internasjonal nettside som tek for det beste av ny pakningsdesign. Den same nettsida har nettopp annonsert ein konkurranse som skal løfte fram god design som enno ikkje har blitt sett i produksjon, eller «Concepts we wish were real».

Designar Sunniva Unneland får internasjonal merksemd

BLIR VERANDE: Designtalentet trivst allereie så godt i England at ho kan tenke seg å bli verande ei stund til.

Foto: Montasje/privat / NRK

Unneland er ein av kandidatane og vinnarane vil bli annonserte i løpet av hausten. Men berre å bli eksponert på ei slik side er stort.

– Det betyr veldig mykje. Eg har brukt mykje tid på prosjektet og det betyr mykje for meg at dei ville vise det fram, seier Unneland.

Etter studiane har planar om å halde fram livet i England, først er målet å få seg ein praksisplass, eller eit internship, og seinare jobb. Ho er uansett ikkje i tvil om at ho valt rett bransje.

– Eg har alltid vore glad i å lage ting og alt som er kreativt. Grafisk design inneheld alt eg liker å gjere, seier ho.

.