NRK Meny
Normal

Jordskjelv utanfor Måløy

Det var nok mange som undra då det under «Kampen om tungtvatnet» byrja å riste og klirre i skap. Forklaringa er enkel – jordskjelv utanfor Måløy.

Laster kart, vennligst vent...

JORDSKJELV: Fleire merka jordskjelvet søndag kveld.

– Vi har registrert eit jordskjelv med magnitude på 2,8 på kring 62 grader nord og fem grader aust. Det ligg rett vest for Måløy, fortel seismolog Jan Fyen ved Norsar.

Kortvarig

Han har i kveld fått fleire telefonar om jordskjelvet. Skjelvet har mellom anna blitt merka i Måløy, Nordfjordeid, Svelgen og Naustdal.

– Eg sat og såg på «Kampen om tungtvatnet» då det plutseleg byrja å riste og klirre i glaset. Det varte vel i kring fem sekund, fortel Ragnar Furnes frå Måløy.

Ein innringar frå Naustedalen fortel at han på Facebook registrerer at skjelvet vart merka av ganske mange. Han merka skjelvet i 21.30-tida.

– Vi merka det berre på golvet, og så klirra det litt i skapet. Men vi har merka det mykje kraftigare før, fortel han til NRK.

Vest for Måløy

Ved Norsar fortel Fyen at den førebelse lokaliseringa er rett vest for Måløy. Skjelvet vart registrert klokka 21.24.

– Det er eit stad der det kjem skjelv frå tid til annan, seier han og legg til at skjelvet ikkje er særskilt stort i norsk målestokk.

– Det er slik folk veldig lett kjenner, og vi har ei rekkje slike skjelv. Så det er ikkje uvanleg, seier han og oppmodar dei som merka skjelvet om å ta kontakt med universitetet i Bergen.

– Dei analyserer kvar skjelv blir merka, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser