Hopp til innhold

Jordskjelv registrert aust for Måløy: Det rista ordentleg under beina våre

– Det rista ordentleg i huset og under beina våre, fortel Mariel Eikeset Koren i Gloppen. Fleire i Nordfjord og på Sunnmøre fekk merke jordskjelvet som inntrefte fredag kveld.

Mariel Eikeset Koren (31)

MERKA SKJELVET GODT: Mariel Eikeset Koren i Gloppen opplevde jordskjelvet fredag kveld.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det begynte som ei svak rumling. Eg tenkte det var tungtrafikk, så bygde det seg opp til at det rista ordentleg i huset og under beina våre, fortel Mariel Eikeset Koren.

Ho var heime i huset på Sørstranda i Gloppen då det i 20.30-tida fredag begynte å riste i huset. Folk både i Gloppen, Eid og på Sunnmøre har meldt frå om skjelvet.

– Vi skjønte etter kvart at det måtte vere eit jordskjelv. Det varte mange nok sekund til at vi rakk å tenke over det, seier ho.

Episenter aust for Måløy

Bettina Goertz-Allmann er seismolog ved Norsar.

– Det er registrert eit jordskjelv i Nordfjord-regionen, med episenter kring 20 kilometer aust for Måløy, fortel ho.

Registrering av jordskjelvet i Nordfjord

REGISTRERING: Jordskjelvet vart målt av fleire av Norsar sine seismiske stasjonar på det norske fastlandet.

Foto: Norsar

Skjelvet vart registrert kl. 20.32, og målt til 2,6 på Richters skala.

– Det er ikkje eit stort jordskjelv, men du kan merke det i nærleiken. Men det er ikkje eit jordskjelv som øydelegg noko, fortel ho.

Laster Twitter-innhold

Spesiell oppleving

Seismolog Matilde Sørensen ved jordskjelvstasjonen til Universitet i Bergen seier dei har fått fleire meldingar om jordskjelvet. Ifølgje deira registreringar var skjelvet på kring 15 kilometers djupne.

– Vi har blitt kontakta ein del folk som har merka skjelvet. Vi samlar inn spørjeskjema frå folk som har merka jordskjelv på nettsida skjelv.no, så vi set pris på at folk melder frå der, fortel Sørensen.

Koren seier det var spesielt å oppleve jordskjelvet fredag kveld.

– Det var litt sånn at vi måtte ut og kikke litt og sjå om det var noko anna det kunne vere, og om ting stod der dei skulle vere. Men det gjekk relativt fort over, seier ho.