Jordskjelv på Vestlandet: – Det rista og buldra kraftig

NORSAR har registrert eit jordskjelv på 2,6 i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal.

NORSAR
Foto: NORSAR

– Eg trudde først det var nokon som sprengde, seier Veronica Kvandal Gjelsten.

Ho opplevde jordskjelvet på Sandane i ettermiddag som kraftig.

– Heile huset rista

Denne torsdagen har det vorte registrert jordskjelv både i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal. Ifølgje NORSAR er skjelvet registrert med ein styrke på 2,6. Det omtalast som eit mellomstort skjelv frå denne regionen. Gjelsten fortel at ho var nett kommen heim frå jobb då ho høyrde eit stort smell.

– Det var så mykje lyd at eg tenkte det måtte vere eit skjelv, seier ho.

Ho fortel at ho merka godt til skjelvet i heimen.

– Det var så kraftig at det rista godt i huset, og det klirra godt i glas og koppar.

– Aldri opplevd kraftigare

Ein annan som vart vitne til skjelvet var Paal-Rune Brosvik, som sat i heimen og drakk kaffi med kona, i Stardalen i Jølster, då skjelvet kom.

– Me merka at det byrja å riste og buldre. Me var usikre på om det var eit ras som gjekk, men det gav seg jo ikkje så til slutt måtte me springe ut for å sjå, seier han.

Paal-Rune Brosvik og hunden hans ante fred og ingen fare då skjelvet kom.

OVERRASKA: Paal-Rune Brosvik sat i godstolen og drakk kaffi då han merka skjelvet i Jølster.

Foto: PRIVAT

Brosvik, som ler oppgitt over at kaffien vart kald, fortel at han aldri har opplevd eit så stor skjelv før.

– Det har eg eigentleg ikkje. Eg trudde det hadde vore endå kraftigare enn det skalaen til NORSAR tilsa, men det får la gå.