Jordras ved Kjøsnesfjorden

Det er meldt om eit jordras som har gått ved Kjøsnesfjorden. Ingen personar, bygningar eller bilar skal ha vorte teken av raset. Raset skal ha gått over Kleivatunnelen og har ikkje hamna i vegbana. – Vegen vert mest sannsynleg ikkje stengt, seier trafikkoperatør Marius Råve i Statens vegvesen.