Hopp til innhold

Jordras i Jølster

Fylkesveg 451 er stengd på grunn av eit jordras mellom Vassenden og Strand i Jølster. Raset skal vere ti meter breitt og éin meter høgt, og det er usikkert om vegen vert opna i dag, ifølge Vegtrafikksentralen i Lærdal.