Utrygg
Jordmor Åse Storegjerde seier det ikkje er snakk om å vere skuffa og protestere. Ho er overtydd om at ei forsterka fødestove gir ein arbeidssituasjon som ikkje er trygg nok for dei fødande.
- Det er uaktuelt for oss å bli under dei nye vilkåra, seier Storegjerde. Om kort tid leverer ho oppseiinga si.