Hopp til innhold

Jordbruksoppgjeret: – Tilbodet er svelgbart, men berre så vidt

Det går mot sluttforhandlingar mellom bøndene og staten i jordbruksoppgjeret. Anders Felde, fylkesleiaren i Sogn og Fjordane bondelag, spår ein tøff innspurt.

Anders Felde

BROT ELLER AVTALE: Fristen for å svare på det reviderte tilbodet frå staten gjekk ut klokka 10 i dag. Bondelagsleiar Anders Felde spår to utgangar: – Anten blir det brot, eller så har vi signert ei avtale i løpet av dagen, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

Sjølv om partane nærmar seg kvarandre, vil ikkje bondeleiaren forskottere nokon avtale.

– Vi er tindrande klare på det må vere meir å hente i sluttforhandlingane. Å skrive under avtalen slik han ligg føre no er uaktuelt, seier han.

Positiv til forhandlingar

Bøndene ønskjer nye forhandlingar med staten i jordbruksoppgjeret. Det vart klart då fristen gjekk ut fristen for å svare på det reviderte tilbodet gjekk ut i dag.

Det kom i går kveld og var 200 millionar meir enn staten opphavleg la på bordet.

Bondeorganisasjonane hadde frist til klokka 10 med å svare anten ja eller nei, men bøndene ønskjer altså å forhandle vidare.

Det er leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, glad for.

– Men vi har klåre forventningar om at det må gjerast meir for pelsdyrnæringa og dei minste bøndene på vestlandet, for dei kjem ikkje godt nok ut slik forhandlingane er no, seier han.

– Så vidt svelgbart

Det reviderte tilbodet på 295 millionar er framleis berre ein tredjedel av det bøndene opphavleg bad om. Felde har følgjande karakteristikk av det som vart lagt fram i går kveld:

– Det er svelgbart, men berre så vidt, seier han.

Samstundes har han ei kjensle av at det reviderte tilbodet, med støtte frå KrF og Venstre, nok vil gå igjennom i Stortinget. Det er noko bøndene må forhalde seg til i dei vidare forhandlingane.

– Tilbodet er på langt nær det vi ønskjer, men vi må forhalde oss til kva det er politisk vilje til å få igjennom. Vi må forhalde oss til stortingsfleirtalet og den regjeringa som styrer, seier Felde.

– Kor langt unna er de å signere ei avtale?

– Anten blir det brot, eller så har vi signert ei avtale i løpet av dagen, spår han.