- Dei bøndene vi har har gjer ein fantastisk jobb, men dei klarer ikkje lenger å ta seg av alt jordbruksarealet som har vore skjøtta før, seier fylkesagronom Bjørn Harald Haugsvær.
Talet på gardsbruk har gått dramatisk ned dei siste 60 åra. No er det under 4000 tilbake i Sogn og Fjordane. Men sjølv om det har blitt færre bønder, så har det totale jordbruksarealet vakse. Dei bøndene som vart tilbake har ikkje berre teke over mesteparten av arealet til dei som la ned. I tillegg har dei vist stor vilje til å dyrke nytt.
- Bøndene har sett at meir areal, gav meir for til dyra og meir tilskot, seier Haugsvær.
Ved utgangen av 2001 var jordbruksarealet på 480 000 dekar, men dei to siste statistikkane viser at det har minka med 9000 dekar. Spesielt langs kysten av fylket ser ein at naturen tek kulturlandskapet tilbake.
- Der har vi dei minste bruka og det svakaste jordbruksmiljøet, seier Haugsvær.