Hopp til innhold

Jøran (19) spydde før avspark

Etter fire strake serietap, er Fjøra attende på vinnarsporet etter 2-0 over Jølster.

Jøran Vadder Hansen (t.v.)

Jøran Vadder Hansen (t.v.) spydde før han med feber og hovudverk tusla ut på fotballbana mot Jølster. Bilete er teke under Fjøra sin treningsleir på La Manga.

Foto: Jan Fuglesteg/Fjøra.no

Sogndølene hadde ikkje vunne sidan 8-0 sigeren over Sandane i seriepremiera . På dei neste fire kampane vart det 4-14 i målskilnad - og null poeng. Så kom Jølster på besøk.

- Det var kjempeviktig. Vi har tapt fem kampar på rad, inkludert cupkampen, og humøret har ikkje vore heilt på topp i spelargruppa i det siste. Då er det deilig å endeleg komme attende på vinnarsporet, seier Jøran Vadder Hansen.

Spydde før kampen

Vadder Hansen har ligge sjuk heile veka og spydde rett før kampen. Sjølv om han hadde feber pressa han seg gjennom samtlege 90 minutt. På tampen av kampen kunne det endåtil blitt mål.

- Eg har hatt kjempevondt i halsen, feber og vore dårleg i magen. Dei siste to dagane har eg nesten berre ligge og sove. No er eg kjempesliten og angrar nesten på at eg spelte kampen. Eg her heilt ferdig, seier 20-åringen frå Skien.

- Viktig siger

Men kampen måtte han ha med seg. Sjølv om han bad om å få starte på benken, og om å bli bytta ut like før pause.

- Det er greitt det, men det var ikkje kjensla i kroppen. Eg fann krefter laaaangt nedi kjellaren. Det var ein kjempeviktig kamp og viktig at vi vann, seier austlendingen som såg Rune Støyva og Terje Flugheim sette inn scoringane som sikra sigeren.

Innkasta tok på

Sjølv pressa han seg til det ytterste. At han spelar offensiv høgreback gjorde det ikkje noko betre. Vadder Hansen la etterkvart bak seg mange meter.

- Det tok på berre å hente ballen for å ta innkast. Eg orka kanskje mykje i høve forma, seier han.

- Kjem du til å spele neste gong du er like sjuk?

- Ehh.... Eg veit ikkje. Eg har gjort det tidlegare også, men angrar kvar gong. Det kjem litt an på situasjonen, seier han.

- No skal det bli godt å reise heim til Skien på ein liten ferie. Er eg ikkje betre i morgon, så blir det ein tur til fastlegen, legger Vadder Hansen til.

- Beit tenna saman

Fjøra har slite stort med skadar sidan serieopninga. Før oppgjeret mot Jølster var sju spelarar skadde. Det toppa seg med tre sjuke spelarar. Vadder Hansen var den einaste som ikkje klarde å riste sjukdomen av seg før avspark.

- Han beit tenna saman og stod på, seier trenar Jan Rune Årøy som vonar at Fjøra er over både skadar og sjukdom for lang tid framover.

- Ingen god kamp

Målscorar Flugheim, Jan Ivar Nilsen og Ronny Einan er ikkje med i stallen til Fjøra, men har steppa inn i den prekære skadesituasjonen.

- Vi har ikkje rekrutteringslag å ta av, så heldigvis har vi slike som kan steppe inn ved behov, seier Årøy. Etter sigeren over Jølster, var han ein lukkeleg trenar.

- Det var ingen god kamp, men ein arbeidssiger. God innsats og lagmoral på ei litt ujamn og uvant grasmatte, seier han.

- Sigeren var svært viktig. No er ikkje avstanden fram så stor, seier han. Sjølv etter ein tung start på sesongen, har fjørene ambisjonar om å krige seg til ein plass mellom dei seks som også neste år spelar 3. divisjonsfotball.

For meir om kampen, kan du sjå Fjøra sine nettsider.