Hopp til innhold

– Sats på Førde og Sogndal og la resten etter kvart fare!

Samfunnsdebattanten Jon Hustad meiner Sogn og Fjordane bør satse på Førde og Sogndal.

Jon Hustad

SKULDAR PÅ ALUMINIUM: Jon Hustad meiner den kraftkrevjande industrien er ei av årsakene til at det ikkje har skjedd meir i næringslivet i Sogn og Fjordane.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Det var i samband med eit debattmøte på Meieriet i Sogndal tysdag journalisten, historikaren og forfattaren frå Sunnmøre kom med dette kontroversielle rådet.

– Greier du ikkje å skape senter der det er plass til både kvinne og mann i parforhold så vil du slite. Eitt av problema er at Sogn og Fjordane ikkje greier å tiltrekke seg folk mellom 25 og 35 år og særleg ikkje kvinner.

– Aluminium ei sovepute

I debatten la han skulda på den kraftkrevjande industrien for at det har mangla kapitalistar i Sogn og Fjordane, kapitalistar som kunne ha skapt eit meir variert næringsliv.

– Sogn og Fjordane hadde krafta som vart nytta til å lage aluminium inne i landet. Det vart ei sovepute i ein grad som var heilt ukjend på Søre Sunnmøre, der eg kjem frå. Der måtte folk finne på noko sjølve. Og overskota i aluminiumindustrien forsvann ut av Sogn og Fjordane, det skapte ikkje private kapitalistar i fylket.

– I Sogn og Fjordane har dei av ein eller annan grunn ikkje fått kysten til å fungere, i motsetnad til resten av landet, der alt føregår langs kysten. Eg trur ikkje Sogn og Fjordane blir noko vekstfylke som vert fylt av glad ungdom.

– Ferjefri E39 kan bli berginga

Men Hustad ser nokre lyspunkt i framtida, mellom anna i planane for ferjefri E39.

– Dersom det kjem kan det vere ei berging for Sogn og Fjordane, for det vil gi så god samferdsel at fylket kan etablere store arbeidskraftregionar og dermed få vekst. Men den vegen er veldig dyr, og blir han ikkje bygd fort så kjem han aldri, for eldrebølgja som kjem om nokre år kjem til å bli så stor at det blir slutt på slike gigantinvesteringar.

Arvid Andenæs og Georg Arnestad

- FANTASTISK UTVIKLING: Arvid Andenæs (t.v.) meiner Hustad teiknar eit for dystert bilete. Til høgre debattleiar Georg Arnestad.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Heng fast i fortida

Administrerande banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner Hustad heng litt fast i fortida.

– Dei siste 15 åra har det skjedd ei fantastisk utvikling i fylket. Vi har utvikla nye næringar og nye arbeidsplassar, og vi har fått ei modernisering innan primærnæringane og industrien som er heilt tydeleg framtidsretta.

Han peikar på at næringslivet i Sogn og Fjordane har vore flinke til å ta i bruk ny teknologi, mellom anna trekte han fram miljøet på Campus Fosshaugane i Sogndal.