Hopp til innhold

Jon Bolstad er ferdig som sjef i Helse Førde

Jon Bolstad går av som administrerande direktør i Helse Førde. Han er tilsett som ny administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.

Jon Bolstad, administrerande direktør i Helse Førde

GÅR AV: Jon Bolstad går av som administrerande direktør i Helse Førde.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Å sitje som toppleiar i ei og same verksemd over så lang tid er krevjande, og på eitt eller anna tidspunkt skal andre ta over. Eg tenkjer at det kan løne seg at nye auge ser på korleis oppgåvene skal løysast, seier Jon Bolstad i ei pressemelding.

I ei pressemelding som vart sendt ut tysdag ettermiddag fortel styreleiar Agnes Landstad at styret i Helse Førde no startar arbeidet med å finne ein ny toppleiar.

Les også: Her er alt om bråket i Helse Førde

Etter det NRK kjenner til, har stillinga Bolstad no får i Sjukehusapoteka, vorte vurderte som ein veg ut av tillitskrisa i Helse Førde for direktøren.

Har vore toppsjef i 13 år

Bolstad går av etter ein langvarig konflikt i helseføretaket som starta på seinsommaren i fjor. Det byrja med ei varslarsak mot viseadministrerande direktør Vidar Vie, og heldt fram med full mistillit mot heile den sitjande føretaksleïinga frå eit nesten samla tillitsmannsapparat. Dette resulterte i ekstern gransking, som kom med mild kritikk av leinga i Helse Førde.

På nyåret varsla legane ved Helse Førde at dei ikkje lenger hadde tillit til Jon Bolstad, og at berre «radikale endringar» i føretaksleïinga ville bøte på tillitskrisa.

Byrjar i ny jobb

Den nye jobben til Bolstad er altså i Sjukehusapoteka Vest, som er eit farmasiføretak med om lag ein milliard kroner i årleg omsetnad.

– Eg ser fram til å leie denne utviklinga vidare, seier Bolstad i pressemeldinga,