Hopp til innhold

Jølstringar nominert til gjev pris

Jølstringane bak Folkemusikkprosjektet «Jølster 2012» er nominert til årets Folkelarmpris.

Synnøve S. Bjørset

JØLSTRING: Synnøve S. Bjørset kan for andre år på rad få Folkelarmprisen.

Foto: Vegard Fimland

Det er folkemusikarane Sigmund Eikås, Synnøve S. Bjørset, Gro Marie Svidal og Erlend Apneseth frå Jølster som står bak albumet.

Kvartetten er nominert saman med Jon Anders Halvorsen, Ottar Kåsa og Sigurd Brokke i soloklassen.

– Tøft. Utruleg stas. Det er eit veldig bra heat, jublar Synnøve S. Bjørset når NRK.no fortel ho kven dei kjempar mot i priskampen.

Andre året på rad

Gro Marie Svidal

JØLSTRING: Gro Marie Svidal.

Foto: Sigrid Winther

Folkemusikarane frå Sogn og Fjordane har forsynt seg bra under Folkelarmprisen siste åra. Det starta med Unni Løvlid som årets folkemusikkartist i 2006, Sigrid Moldestad med same pris og siger i Open klasse i 2010.

I fjor vann Bjørset opa klasse med prosjektet «Dei beste Damene».

– Då fekk vi pris for plata Soli. Det er jo stas å vere nominert, men sjølvsagt ekstra stas å få prisen, seier ho.

Vidt spekter

Dei fire jølstringane er alle godt kjende namn, med Erlend Apneseth som den framstormande stjerna på folkemusikkhimmelen.

Sigmund Eikås og Indre Sunnfjord Spelemannslag

JØLSTRING: Sigmund Eikås.

Foto: NRK

Plata kom i sommar, og kvartetten er no i full sving med konsertar.

– Det som er fint med Jølster 2012-produksjonen er at det er første goneng vi fire har eit slikt samarbeid. Du har Erlend som er tidleg i 20-åra og Sigmund i 60-åra, men trass i det vide spennet i alder, så heng det faktisk saman på tvers av generasjonar, seier ho.

Skattekiste

– Det som er tøft, er jo at det berre er musikk frå Jølster. Her har vi faktisk ei skattekiste som vi kan ause rikeleg av, seier ho.

Dei tre norske: Kvedar Ingebjørg Longvik Reinholdt, 25 år, Hilde Fjerdingøy, 26 år, på toradar og Erlend Apneseth, 20 år, frå Jølster på hardingfele

JØLSTRING: Erlend Apneseth.

Foto: Anna Gytri/NRK

Bjørset vågar ikkje å vurdere kvartetten sine vinnarsjansar når prisen blir delt ut 21. september i Bergen.

– Eg har ikkje høyrt plata til Jon Anders Halvorsen, men eg kjenner til han. Dette er topp musikarar, og det er utruleg stas og ærefullt å vere i eit slikt selskap, avsluttar ho.