NRK Meny
Normal

Jølstring på rikingtoppen

Kjell Inge Røkke eig framleis norges desidert største formue. Ein Jølstring har snike seg inn blant dei 100 rikaste i landet.

Sidan 2004 har Ivar Helgheim tredobla formua si. Med ein formue på vel 473 millionar kroner, har den utflytte jølstringen plassert seg på ein 89. plass over Formuetoppen - heile landet .

Helgheim er utdanna lege og er eineeigar av Dr. Fürst Medisinske Laboratorium i Oslo. Han har også gjort store investeringar i eigedom og vart i 2005 mellom anna hovudaksjonær i Skei hotell.

SJÅ INNTEKTSTOPPEN I FYLKET

Det er likevel liten tvil om kven som har den største formua i landet. Forretningsmannen Kjell Inge Røkke frå Molde går god for over ti milliardar.

Her kan du søkje i skattelistene

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå