Sjå bileta frå Farmen i Sogn
Frank Anders Borch Åmot
Frank Anders Borch Åmot og dei 12 andre deltakarane har vore isolerte i kvar si hytte på Vesterland på Kaupanger. Dei veit ikkje kven dei andre deltakarane er, eller kva som ventar dei. Frank Anders seier at han ikkje eingong kan gardsarbeid. Han føler seg ikkje heilt klar for å kjempe for tilværelsen. - Eg kjem til å savne kjæresten og bikkja, men og Internett, mobiltelefon og musikk, seier han.
Svært primitivt
Fjellgarden Haukås Øvre står klar. Husa står innbydande, gamle og grå på tunet. Men ein nærare kikk avslører at det som ser sjarmerande ut, er svært primitivt og ukomfortabelt. Sengene er utan madrassar, fjøsen er heilt tom, her er verken straum eller innlagt vatn. Å flytte inn her blir som å ta steget attende til før den industrielle revolusjonen.
I tv-serien skal 13 deltakarar klare seg åleine på ein isolert gard i fleire veker, berre ved hjelp av ein mentor, eller rettleiar. Dei får mange oppgåver å løyse, og kvar veke må ein av deltakarane forlate Farmen. Den som sit att til slutt er vinnaren.
Mentor frå Kaupanger
Halvard David Falck Husum
Bonden Halvard David Falck Husum på Kaupanger skal vere mentor. Det er ikkje sikkert han blir den største utfordringa for Farmen-deltakarane. Tidlegare har deltakarane på Farmen vore nøydd til å dyrke sin eigen mat, lage si eiga såpe, og slakte dyr sjølve. Til og med turen til Farmen blir truleg ein prøvelse denne gongen.
Hardt arbeid ventar
Programleiar i år er Gaute Grøtta Grav, som vann Farmen den fyrste sesongen. Han seier deltakarane får det hardt på Haukåsen.
TV2 startar opptaka torsdag, når deltakarane skal ta seg fram til Farmen. Så startar eit liv med hardt arbeid. Mykje hardt arbeid.
Foto Gøril Grov Sørdal NRK