Hopp til innhold

Jølsterlege kan ha åtferdsproblem

Jan Mikael Nordfors. Foto: Randi Indrebø.

Den svenske legen Jan Mikael Nordfors har behandla pasientane fagleg uforsvarleg, og han kan ha eit åtferdsproblem. Det er konklusjonen etter at Fylkeslegen har sett på klagene mot den svenske legen som Jølster kommune har sagt opp.

Av:

Tone Lin Støfring

/

Maria Rivedal

No hamnar saka i Helsetilsynet, noko advokaten til Nordfors, Vegard Austgulen, er glad for.

- At fylkeslegen beskriv åtferda til min klient ligg på eit så lågt nivå at eg set pris på at saka blir sendt vekk frå Sogn og Fjordane, seier Austgulen.

Jan Mikael Nordfors

Jan Mikael Nordfors

Foto: NRK

Ikkje sett liknande

Fylkeslegen meiner dei har henta inn eit godt fagleg grunnlag for vurderingane dei har gjort. Men fylkeslege Petter Øgar seier han ikkje har vore borti ei liknande sak.

- Eg har ikkje hatt liknande saker eg kan samanlikne med. Denne er ganske eineståande, seier Øgar.

Fylkeslegen meiner også at forklaringane til pasientane ved fleire høve ikkje stemmer med det legen har journalført.

Nedverdigande

Helsetilsynet kan gje ei åtvaring til legen eller ta frå han retten til å praktisere. Legen er mellom anna klaga inn for å behandle ryggpasientar ved å undersøkje ein muskel via endetarmen. Dette har fleire av pasientane reagert på med ubehag og oppfatta som nedverdigande. Fylkeslegen skriv også i sin konklusjon at at Nordfors kan ha eit kommunikasjonsproblem.