Hopp til innhold

– Irrasjonelt å ikkje kjøpe frå Førde

Kommunestyret i Jølster ville ikkje kjøpe rekneskapstenester frå Førde. – Vart oppfatta som ei framskunding av kommunesamanslåinga, seier Atle Hamar.

ATLE HAMAR

VILLE SAMARBEIDE MED FØRDE: Kommunestyrerepresentant for Venstre i Jølster, Atle Hamar

Foto: Vegard Fimland / Lotteri- og stiftelsestilsynet.

– Slik fleirtalet og eit par talarar frå Senterpartiet argumenterte, såg ein på det her som ei framskunding av ei samanslåing.

Det seier Atle Hamar, kommunestyrerepresentant for Venstre i Jølster. Bakgrunnen for forslaget var at Jølster kommune var utan rekneskapsførar på grunn av ei sjukemelding.

Rådmannen sitt forslag gjekk ut på at ein derfor skulle kjøpe rekneskapstenester frå Førde, slik Gaular og Naustdal gjer i dag. Saka vart nedstemt med 20 mot 5 røyster. Hamar var ein av dei som røysta for forslaget til rådmannen.

– Forslaget til rådmannen var å kjøpe tenester, og inngå eit samarbeid fram til neste sommar. Det er den enklaste og beste måten å gjere dette på, fordi kommunerekneskap er noko som rekneskapsfirmaet til vanleg ikkje driv med. Eit fleirtal i styret såg på det som negativt og stemte saka ned. Ut frå det eg og fleire kunne høyre var dette langt frå eit rasjonelt utgangspunkt.

– Må ligge i kommunen

I etterkant av møte har Jølster skaffa ein vikar til å gjere rekneskapsjobben for kommunen. Ordførar frå Sp, Oddmund Klakegg, avviser at det er motvilje mot kommunesamanslåing som ligg bak avgjerda.

– Rekneskapsføring er ei primærteneste i ein kommuneadministrasjon, og må ligge der kommuneadministrasjonen ligg, seier Klakegg.

Oddmund Klakegg

– REKNESKAPEN MÅ STYRAST I KOMMUNEN: Seier ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Til trass for at dei andre samarbeidskommunane allereie kjøper rekneskapstenester frå Førde, meiner Klakegg at Jølster er best rigga for ei samanslåing ved å halde kontroll over økonomien sjølv.

– Dersom vi skal gå inn i ein ny storkommune, må vi gå inn i ein kommune med god orden i både rekneskap og økonomistyring. Vi skal sjølv komme inn med ein god organisasjon i den nye kommunen som skal dannast frå 2020.

Fryktar ikkje for samarbeidsklimaet

Jølster skal, saman med Gaular, Naustdal og Førde, skape ein ny storkommune i indre Sunnfjord. Bystyrerepresentant i Førde, Tore Fossen (H), trur ikkje saka vil få noko å seie for samarbeidsklimaet i kommunane.

Tore Fossen

FRYKTAR IKKJE FOR SAMARBEIDET: Tore Fossen i Førde Høgre trur ikkje saka vil påverke samarbeidet mellom kommunane.

Foto: NRK

– Eg trur ikkje at det vil danne grunnlag for eit samarbeidsproblem. Vi har utfordringar når det gjeld ulike samarbeidsformer, men det har vi fleire år på å rigge oss for, så eg trur ikkje det vil vere eit problem. Nokre skjær i sjøen vil det vere, men vi må berre gå rundt dei.

Hamar tykkjer derimot det er synd at kommunestyret ikkje ville samarbeide med naboen i denne saka.

– Vi samarbeider med Førde og andre kommunar i 30 andre samanheng i selskap og samarbeidsorgan. Det skulle ikkje vore eit problem, men her var det noko som slo inn i kommunestyret. Dette ville dei ikkje.