Hopp til innhold

Sprang inn til sin tiande siger i Breimstafetten

Når herrane frå Jølster nok ein gong kryssa målstreken under Breimstafetten først, sikra dei seg sin femte strake siger og den tiande i historia.

Herrane frå Jølster stakk av med sigeren i herreklassa under Breimstafetten.

VANN IGJEN: For femte året på rad, og for tiande gong i Breimstafetten si 76 år lange historie, stakk Jølster av med sigeren i herreklassa.

Foto: Runar Sandnes

Video frå Breimstafetten 2014. Foto: Runar Sandnes

– Vi var favorittar, og det vart ein klar siger, så det er vi godt nøgde med, seier Johnny Solheimsnes i Jølster IL.

Med dagens siger trygt i hamn står dei med heile ti sigrar. Frå 2005 og fram til 2014 var det berre i 2009 herrelaget frå Jølster ikkje var først over mål.

– Vi har ein bra stamme med folk som trenar bra. Det er også flinke gutar på 13–15 år som kan gjere seg gjeldande etter kvart, så det generasjonsskiftet som ein gong kjem skal vi handtere, seier jølstringen, som sjølv var med på å sikre sigeren i veteranklassa.

Folksomt under vårens vakraste eventyr, Breimstafetten

PUBLIKUM: Folk frå Jølster, Stryn, Førde og Gloppen hadde teke turen til Breim denne vakre vårdagen. Arrangørane trur det var mellom 800 og 900 publikummarar til stades.

Foto: Runar Sandnes

Sesongens store mål kjem neste helg

For herrelaget er sigeren god å ha med seg når dei neste helg set kursen mot Oslo, og sesongen store mål, Holmenkollstafetten.

– Vi har ikkje vore med på fire år, men vi har ambisjonar om å kome i mål som femte, sjette beste lag, fortel Solheimsnes, som sjølv kanskje blir å finne på startstreken då.

– Det er femten etappar då, mot seks på Breimstafetten, så vi må gjerne grave litt ned for å fylle laget. Vi har nokre som held høgt nivå, så eg har trur vi skal klare oss godt.

Full klaff for arrangørane av vårens vakraste eventyr

Breimstafetten profilerer seg som vårens vakraste eventyr, og med strålande solskin og fleire hundre publikummarar som møtte fram for å heie på deltakarane, så vil nok mange hevde at dagen levde opp til forventingane.

– Det var mykje folk og veldig god stemning, nett som i gamle dagar, seier Vegar Sårheim, som var speaker under konkurransen.

Kraftprøva under Breimstafetten

KRAFTPRØVA: Ingrid Hjelle Roset frå GFIL var raskast opp den bratte bakken på Reed Stadion, og sikra seg med det sigeren i Kraftprøva og vart 3000 kroner rikar.

Foto: Runar Sandnes

Arrangørane har enno ikkje fått talt opp kor mange billettar som vart selde, men Sårheim trur nærare 800 personar hadde teke turen til Breim. I tillegg deltok 500 utøvarar i dei ulike klassane. 78 lag var påmelde, av desse kom 13 frå Førde og åtte frå Nordfjord Folkehøgskule. 34 av laga stiller til start i Konglestafetten, som er for dei aller minste.

– Det var mange konfirmasjonar i nærområdet i dag, og når 1. mai kom så tett på, så har mange teke langhelg, så det kunne vore enno fleire, men vi er særs godt nøgde, seier Sårheim.