NRK Meny
Normal

Jølster-tilskot til Skei Hotell

Jølster kommunestyre vedtok tysdag å gje tre millionar kroner i støtte til moderniseringa av Skei Hotell.

Skei Hotell
Foto: Arild Nybø / NRK

Hotellet fekk tidlegare i år nye eigarar som har planar om å modernisere for kring 25 millionar kroner, og styreleiar Steinar Dvergsdal seier kommunen si deltaking er avgjerande for prosjektet.

 

Fattige Jølster kommune har i det siste fått pengar og utsikt til pengar som skal kome næringslivet i kommunen til gode. Dei miste HV10, og fekk kompensasjon for det, og i tillegg er utbygginga av Kjøsnesfjorden i full gang. I sommar kjøpte Steinar Dvergsdal, Hallvard Viken og finansmannen Ivar Helgheim det gamle familiehotellet. Helgheim er hovudaksjonær i eit selskap der gamleverten Jon Skrede også sit med ein lite aksjepost. Og dei har store moderniseringsplanar.

Med kommunen sine millionar på plass, reknar Dversdal med at resten går greit.

Vegopning på Bergum i Førde kommune