Hopp til innhold

Jølster-prosjekt manglar pengar

Det planlagde senteret for livsmeistring som skal inn i det gamle HV10-anlegget på Skei, slit med finansieringa.

Det tidlegare HV10-anlegget på Skei
Foto: NRK

Stiftinga Bergen diakonissehjem har søkt departementet om støtte, men er vist vidare til Helse Vest. Det opplyste fylkesordførar Nils R. Sandal då saka kom opp i fylkestinget onsdag.

 

Fylkesordførar Nils R. Sandal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Helse Vest truleg rett adresse

- Stiftinga har sendt ein omfattande søknad til Helse- og omsorgsdepartementet om økonomisk medverknad til prosjektet, og stiftinga saman med mellom andre ordføraren i Jølster har seinare vore i møte med departementet om denne saka. Og i det møtet kom det mellom anna fram at at Helse Vest truleg er rette adressaten til ein søknad om økonomisk medverknad, sa fylkesordføraren.

- Helse Vest manglar pengar

Det var Norunn Lunde Furnes frå Kristeleg Folkeparti som tok opp saka som spørsmål til fylkesordføraren. Ho viste til at planen for senteret er i samsvar med føretaket sine ønskje og behov. Samstundes er det velkjent at Helse Vest enno manglar pengar til den drifta dei har i dag. Lund Furnes viste til at to liknande livsmeistringssenter andre stader i landet får statsstøtte, og ho bad fylkesordføraren bruke sine kontaktar i Regjeringa.

- Finst ikkje på Vestlandet

- Det som framleis er ei stor utfordring er finansieringa. Dei to andre har statsstøtte, det finst ikkje eit tilsvarande senter i Vestlands-regionen. Eg synest det er heilt på sin plass at Vestlandet også får eit slik senter, og eg ynskjer at fylkesordføraren tek eit direkte initiativ til departementet, slik at saka blir løfta opp på eit høgare nivå, sa Norunn Lunde Furnes.