Hopp til innhold

Jølster-ordføraren set foten ned

Ordførarane i Sunnfjord er usamde om den vidare prossesen om framtidige kommunestruktur.

Oddmund Klakegg

VIL HA TIMEOUT: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster vil vente med avgjerd om kommunesamanslåing.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) ønskjer ikkje lenger å avgjere saka på vårparten neste år, slik styringsgruppa for storkommune i Sunnfjord har vorte samde om. Kommunaldepartementet meiner dette er uheldig, men Klakegg står på sitt.

– Eg trur det hadde vore rett å ta ein timeout i denne prosessen no.

Styringsruppa for framtidig storkommune i Sunnfjord har vore samd om at kommunane må ta ei endeleg avgjerd i saka innan vårparten neste år. Dette er også i tråd med timeplanen som er lagt opp frå regjeringa.

– Bør kjenne korta vi skal spele med

Men no set Sp-ordførar Oddmund Klakegg i Jølster foten ned. Ei folkerøysting om saka bør tidlegast kome i samband med stortingsvalet i 2017, seier han.

– Det er kanskje betre å ta ei folkerøysting på eit seinare tidspunkt, kanskje når vi er klare over kva inntektssystem vi står overfor, og vi kjenner dei korta vi skal spele med når vi skal lage ein framtidig og god kommune, til dømes i Sunnfjord.

Jardar Jensen

– PLANLEGG MEIR UVISSE: Statssekretær Jardar Jensen (H).

Foto: Stein Aase / NRK

– Bestiller meir tunnel

Statssekretær i Kommunaldepartementet, Jardar Jensen (H), har ingen sans for at Jøster-ordføraren vil utsetje saka.

– Er det ein ting lokalpolitikarar er vande med, så er det å planlegge meir uvisse. Det kan tolkast som at når ein byrjar å sjå lys i tunnelen, så bestiller ein meir tunnel.

– Vi vil sende dei framlegga vi har ut på høyring i haust, og så vil det endelege framlegget til nytt inntektssystem bli lagt fram i mai 2016. Med andre ord kjenner ein framlegget før ein eventuelt tek eit vedtak om samanslåing 1. juli 2016, seier Jensen.

Olve Grotle på solidaritetsmarkering for flyktningar

KLAR FOR SAMANSLÅING: Ordførar Olve Grotle (H) i Førde.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Ikkje avhengig av Jølster

Høgre-ordførar Olve Grotle i Førde likar heller ikkje at Klakegg vil utsette spørsmålet om kommunesamanslåing.

– Spørsmålet er veldig samansett, og vi vil aldri kome dit at vi har fullt oversyn over alle fakta. Om vi utset det vil det då likevel vere spørsmål vi helst vil vite meir om før vi tek endeleg avgjerd. Eg trur at vi til sommaren har vi det grunnlaget vi treng for å gjere vedtak.

– Det er vel ikkje heldig om Jølster forsvinn ut av samanslåingsprosessen, de ynskjer vel å ha med Jølster?

– Sjølvsagt, vi ynskjer å ha Jølster med i ein større kommune, men vi er ikkje avhengige av å ha dei med.

– Viktig å bli med

Jølster Venstre har vore klar på at dei ønskjer kommunesamanslåing, og gruppeleiar i partiet, Judith Kapstad, forventar at ordførar Klakegg følgjer opp den felles tidsplanen som også nabokommuane står bak.

– Vi forventar at prosessen går vidare etter det som var oppsett, og eg håpar verkeleg at det skjer og at ikkje noko blir lagt vekk. Vi meiner det er veldig viktig at Jølster blir ein del av Sunnfjord, og at vi får ein sterkare region, noko som vil utvikle bygda vidare.

Men ordførar Oddmund Klakegg ser ikkje trong for at Jølster blir ein del av ein storkommune i Sunnfjord no.

– Den prosessen som er no er svært dårleg i den forstand at vi ikkje kjenner dei korta vi spelar med.