Kommunepolitikarar frå dei fire kommunane i Indre Sunnfjord var for første gang i går samla for å diskutere kommunesamanslåing.
Naustdal-ordførar Jan Herstad (Sp) er positiv til kommunesamanslåing.
Og geografi, snarare enn politisk ideologi, såg der ut til å vere avgjerande for standpunkt i saka. Medan representantane frå Førde med ordførar Aud Viken i spissen, uttrykte ei positiv haldning uansett parti, såg dei folkevalde frå Jølster og Gaular ut til å vere negative til ein storkommune. I Naustdal verkar synspunkta sprikande.