NRK Meny
Normal

Jølster kritisk til at kunstmuseet ikkje har sikra seg Astrup-kunst

Jølster kommune kjem med sterk kritikk mot Sogn og Fjordane kunstmuseum i samband med at lite er gjort for å sikre at 68 ekte Astrup-kunstverk kjem attende til Jølster og Sogn og Fjordane.

Astruptunet

ASTRUPTUNET: På Astruptunet kan ein sjå ein del av kunsten til Nikolai Astrup. No ønskjer Jølster kommune at Sogn og Fjordane Kunstmuseum sikrar seg 68 originale verk som er i privat eige.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Atle Hamar
Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Det er barnebarnet Nikolai Astrup Geelmuyden som har tilbydd Astrup-kunstverka til kunstmuseet.

Kommunepolitikar i Jølster og tidlegare styreleiar for Astruptunet, Atle Hamar, meiner det er typisk at kunstmuseet står fram på denne måten.

– Sogn og Fjordane Kunstmuseum burde vere interessert i å sikre at originale Astrup-verk kjem tilbake til Sogn og Fjordane. Det burde vere nummer ein på dagsorden om ein veit kva kunst dette er, seier han.

Meiner museet må ta ballen

Bakgrunnen for denne saka er at barnebarnet til Nikolai Astrup, Nikolai Astrup Geelmuyden og kona Inger Geelmuyden, gjerne vil føre tilbake ein del av Astrup sine kunstverk til Sogn og Fjordane. Tanken er at Sogn og Fjordane kunstmuseum kan kjøpe kunsten for tre millionar kroner, med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Men paret har opplevd kunstmuseet si tilnærming som lunken. Det skal mellom anna ikkje ha vore svart på brev, noko ekteparet er kritisk til. Atle Hamar forstår deira frustrasjon.

– Om ikkje Sogn og Fjordane kunstmuseum tek ballen, som eg registrerer at dei sjeldan gjer når dei gjeld Jølster , så bør kommunen ta eit initiativ ovanfor Sparebankstiftinga eller andre som kan finansiere dette. Slik har det vore gjort før. Jølster kommune har neppe midlar sjølv til dette, seier han.

– Problemet i dag er at kunstmuseet definerer Astrup sin kunst som ein kunstnarheim og ikkje som eit galleri. Det vil seie at formidling er nedprioritert. Det er stikk i strid med alle signal som kom då vi blei tvinga inn i kunstreforma, seier Hamar.

Ordføraren tykkjer det er trasig

Oddmund Klakegg
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kunsten det er snakk om er totalt 68 verk. Det er to måleri, mange kol- og penneteikningar, skisser, tresnitt og nokre trykk. Paret har henta inn vurderingar frå to ekspertar som begge kom fram til ein pris på vel tre millionar kroner.

Dette skal vere eit nøkternt anslag ifølgje ekteparet som no har skrive brev til Jølster kommune med kritikk av museumsdirektøren. Ordførar Oddmund Klakegg i Jølster er heller ikkje fornøgd med kunstmuseet.

– Det er eit sterkt ønske frå Jølster kommune om meir fokus på Astrup og eit meir aktivt drive Astrup-tun og kunstmuseum i Jølster. Besøkstala fortel sitt og vi merkar oss at det ikkje har vore interesse for å skifte ut utstillinga eller bruke Astrup-samlinga som Jølster og Sparebankstiftinga disponerer.

– Eg tykkjer dette er trasig, for Astrup er kanskje den nest største kunstnaren i Norge etter Munch, seier han.

Lovar å sjå på saka

Heller ikkje styreleiaren for kunstmuseet, Liv Stave, er fornøgd med korleis saka har vore handtert frå kunstmuseet si side.

– Eg er skuffa, for Astrup er viktig for Sogn og Fjordane. Det hadde vore fantastisk å få 68 verk, seier ho.

Direktør for Sogn og Fjordane kunstmuseum, Morten Johan Svendsen, ønskjer ikkje å kommentere kritikken på radio. Men til NRK seier han no at han beklagar at ekteparet ikkje har fått svar på sitt siste brev. Vidare lovar han å gje saka høg prioritet når han byrjar på jobb igjen etter ferien.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.