Hopp til innhold

Fekk det han bad om etter ekstremvêret: – Ei stor lette!

Jølster kommune får nesten 30 millionar etter ekstremvêret i sommar.

Jon Georg Dale og Oddmund Klakegg i rasområdet i Jølster

LETTA: Ordførar Oddmund Klakegg frå Senterpartiet (t.h.) er letta over at Jølster kommune får dekka utgiftene dei har hatt i samband med uvêret i juli. På bilete står han saman med Samferdsleminister Jon Georg Dale (FrP) nokre dagar etter at ekstremvêret råka bygda i sommar.

Foto: Bård Siem / NRK

Jølster kommune får 29,6 millionar kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til å dekke kostnadar dei har hatt under og etter uvêret som råka dei i sommar.

– Pengane skal dekke kostnadar kommunen fekk i sjølve akuttfasen og under gjenoppbygginga. Dei skal og brukast til utbetring av skadar på kommunal infrastruktur, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

30. juli i år var 150 personar evakuerte, og kommunen vart delt i to av ei rekke ras.

Ras ved Vassenden i Jølster

FÅR KOMPENSASJON: Jølster kommune får nesten 30 millionar etter ekstremvêret i juli. No vil ordføraren førebygge nye ras.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ordføraren er letta

Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp) slepp no å ta med seg ei saftig rekning inn i nye Sunnfjord kommune.

– Kompensasjonen sikrar ei skikkeleg opprydding. No får vi ordna infrastruktur som vegar og bruer.

Midlane kommunen får skal berre dekke deira eigne utgifter etter raset. Skadane frå raset er omfattande både på privat eigedom som hus og landbruksareal, og på infrastruktur som fell under fylkeskommunen og Statens vegvesen sitt ansvarsområde.

– Samla sett anslår eg at det vil koste over 200 millionar å erstatte skadane. Men no har vi fått nok pengar til å ordne opp i det som er kommunen sitt ansvar, seier han.

HEILT ØYDELAGT: Dagleg leiar Even Hole står i det som ein gong var heistraseen. No er det meste vaska vekk av flaum.

FEKK IKKJE PENGAR: Jølster kommune eig 57 prosent av aksjane i Jølster skisenter, men fekk ikkje pengar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til å støtte dei økonomisk etter uvêret. Då dagleg leiar Even Hole vart intervjua i august rekna han med at skadane ville koste dei mellom seks–sju millionar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Får ikkje alle pengane dei bad om

Jølster kommune bad i utgangspunktet om 30,4 millionar i kompensasjon. Dei fekk ikkje innfridd heile kravet.

– Den siste resten av kompensasjonen var til næringsaktivitet, i form av eit skianlegg. Det vert ikkje dekka av denne ordninga, seier kommunalminister Monica Mæland.

Oddmund Klakegg var førebudd på at det kunne skje.

– Vi har fått signal på førehand om at reparasjonane ved Jølster skisenter fell utanfor denne ordninga, seier ordføraren.

Han er likevel ikkje uroa for at skisenteret kjem seg på beina før sesongstart.

– Eg er optimistisk med tanke på vinteren, så lenge snøen kjem.