Jølster kan hamne i Robek

Dersom ikkje Jølster kommune kan vise til balanse i økonomiplanen for 2019 til 2021, trugar Fylkesmannen med Robek. Robek betyr at Fylkesmannen då vil føre kontroll og godkjenne budsjett og låneopptak. No har kommunen frist ut dagen med å svare, skriv Firda. Ordførar Oddmund Klakegg seier kommunen har gode bufferfond og god økonomistyring, og reknar med at dette vil gå i orden.